Dette er foreldre som hadde barna buande heime då HVPU-reforma blei gjennomført tidleg på 90-talet. I motsetnad til dei som hadde budd på institusjon fekk ikkje deira barn tilbod om eigen bustad i heimkommunen.
No er mange av foreldra blitt gamle, og barna deira kan gå ei usikker framtid i møte. Helene Holand i Norsk forbund for psykisk utviklingshemmede seier at dette er uverdig for den norske velferdsstaten.
- Vi må sørgje for at noko skjer fort, seier Randi Asbjørnsen, leiar for Velferdskomiteen i Ålesund. Ho seier ho har dårleg samvit over situasjonen, og viser til at kommuneøkonomien no har betra seg.
*********
I radioinnslaget ovanfor kan du høyre Kjersti Lakselv, snart 79 år gammal og mor til ein psykisk utviklingshemma mann på 37. Med er også Helene Holand og Randi Asbjørnsen.