I nattemørket i september forsøkte 20-åringen nyleg eit stunt som dei færraste har sett maken til.
På tur langs turistikonet Atlanterhavsvegen i Møre og Romsdal fekk han ein ide om å forsøke å få bilen til hoppe over toppen på ei av bruene.
I baksetet sat tre kompisar.
Nyleg blei sjåføren dømt til fengsel.
I dommen kjem det fram at bilen hadde så høg fart at han flaug over toppen, roterte 360 grader, støytte borti rekkverket og landa til slutt på alle fire i vegen.
– I verste fall kunne det vore ei dødsulykke, seier politifullmektig Christian Asdahl.
Politifullmektig Christian Aasdahl i Møre og Romsdal politidistrikt seier køyreturen tidlegare i haust i verste fall kunne vore ei dødsulykke.
Foto: Eirik Haukenes / NRKTre kompisar i baksetet
Bilen blei totalvraka i den uvanlege manøveren på brua, men dei fire kameratane som sat inni kunne krabbe uskadde ut.
Ifølgje dommen var alle redde, men i live.
Fartsgrensa over Geitøysundet bru på Atlanterhavsvegen er 80 km/t, men ifølgje dommen frå Møre og Romsdal tingrett køyrde den unge sjåføren langt fortare.
Han skal ha tatt rennfart opp mot toppen og gav seg ikkje før han nådde 160 km/t.
Fartsgrensa ved Geitøysundet bru er 80 km/t. 20-åringen som nyleg blei dømd har vedgått at han køyrde i 160 km/t.
Foto: Eirik Haukenes / NRKBa om fotlenke
20-åringen som køyrde bilen har tilstått alt, og bad om å få sone med fotlenke då han møtte i Møre og Romsdal tingrett denne veka.
Retten meiner likevel saka er så alvorleg at han må i fengsel i 30 dagar. I tillegg misser han førarkortet i to år.
– Vi meiner det er ei veldig alvorleg trafikksak, med stort farepotensial både for dei som køyrer bilen og for andre, seier politifullmektig Christian Asdahl.
Den 20 år gamle sjåføren er kjent med at NRK omtalar dommen, men kommenterer ikkje saka.
Kort tid etter ulykka meldte sjåføren seg. No er han dømd til fengsel.
Foto: Skjermdump frå Twitter