NRK Meny
Normal

Vigramasta er historie

Ho har stått som eit landemerke sidan 1952. I dag var det slutt. Med dynamittladningar vart bardunane sprengde og masta fall til bakken.

Dramatiske bilder av mastefallet

Foto: Aalesund Smalfilm-og Videoklubb og NRK

Spenninga var stor før dynamittladninga gjekk av. Klokka 12.30 vart bardunane sprende, masta knakk og fall i bakken. NRK sendte fallet direkte, og her kan du sjå det i opptak:


Dermed er landemerket Vigramasta historie, 63 år etter den offisielle opninga.

.

Sjå bildegalleri av Vigra Kringkaster

Vigramasta på bakken

Vigramasta ligg trygt på bakken.

Foto: John Walland, Norkring

Strenge tryggingstiltak

Rundt masta var det ei tryggingssone på ein kilometer. Vegane i området vart stengde. Folk som bur nærare enn 400 meter måtte forlate husa sine. Dei som bur i ein omkrins på mellom 400 og 800 meter trengte ikkje å forlate husa sine, men måtte halde seg innandørs.

– Området kjem til å bli heilt avsperra. Det skal ikkje vere mogleg for andre, med unnatak av entreprenøren og vårt personell å ta seg inn dit. Det er grunn til å understreke at det kan vere farleg å få inn dit. Der er metall og wirear som ligg i spenn. Vi trur at masta kjem til å knekke fleire stader, og stålet som ligg i terrenget kan vere skarpt som knivblad. Vi finn grunn til å presisere at området blir stengt, og at det ikkje er mogleg å ta seg inn i området, sa Jørgen Thaule, direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Norkring i forkant av sprenginga.

Les også: Tryggere flyplass

Video Flyplassen på Vigra under bygging i 1958

I 1958 kom flyplassen på Vigra. Han blei lagt like ved der radiomasta blei bygd nokre år før.

Mange vil sjå mastefallet

Pressa var samla på Synnes, saman med Norkring og representantar for kommunen.

På utkikkspunktet Synnesfjellet var fleire samla for å få med seg mastefallet frå avstand, også skuleborna på Vigra. Dei, som så mange andre, har vakse opp med Vigra-masta som næraste nabo. I dag var dei med på å markere den historiske dagen då Vigra-masta blei fjerna.

– Dei som vil vere på Vigra og sjå mastefallet må vere ute i god tid. Vegane kjem til å bli stengde, og her er folk frå politiet og frå vaktselskap. Vegnettet er heller ikkje dimensjonert for stor trafikk. Synnesfjellet kan vere ein fin stad å stå på, sa Thaule.

Betydde mykje for mange

Den store historiske betydninga Vigra kringkaster har hatt, skriv seg tilbake til aprildagane i 1940. Dei første dagane etter invasjonen 9. april 1940 opererte vigrasendaren som fri sendar. Det var den siste sendaren på norske hender etter invasjonen.

15. april 1940 blei stasjonen bomba. Den originale sendaren, med kulehol, står utstilt i det gamle stasjonsbygget.

– Dette her er historie. Vigramasta har vore eit landemerke for mange. Frå trettiåra var radio eit storhende. Og masta på Vigra var nesten einerådande over eit stort område. Sendaren dekte opp til Island, til Svalbard, Færøyane og eit langt område sørover også, seier Jon Hildre ved museet på Vigra kringkaster.

Video Vigra Kingkaster i Norge Rundt

Vigra Kringkaster har også vore tema i programmet Norge Rundt. Her får du vite meir om historia, du får eit innblikk i drifta ved stasjonen og du får høyre om betydninga sendaren har hatt for fiskeflåten.

Video Luftfartsverket vil ha fjerna vigramasta

I 1997 gjer Luftfartsverket eit nytt forsøk på å få fjerna radiomasta på Vigra. Argumentet er at fleire fly kunne ha landa når det er skodde – dersom masta ikkje hadde vore der.

Omsynet til flytrafikken avgjorde

No er det omsynet til flytrafikken, behovet for vedlikehald og den tekniske utviklinga som er bakgrunnen for at masta blir riven.

Turid Røsvik og Jon Hildre

Turid Røsvik og Jon Hildre har arbeidd ved Vigra Kringkaster. No er dei engasjerte i det frivillige arbeidet på museet ved kringkastaren.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det vert ikkje lenger sendt noko program over sendaren. Og det ville ha blitt store kostnader om ein skulle drive vedlikehald på masta. Men først og fremst er det omsynet til flytrafikken som gjer at masta skal rivast, seier Jørgen Thaule.

Radioens gullalder i Noreg

Etter krigen blei Vigra kringkaster gjenopna i 1948. Nokre år seinare, i 1952, blei masta som blir felt i dag, reist på området ved stasjonen.

Dette skjedde i det som ofte blir kalla gullalderen for radioen i Noreg. Tidlegare distriktssjef ved NRK Møre og Romsdal, Asbjørn Gjærde, seier at dei aller, aller fleste som budde i Møre og Romsdal frå 50-talet og framover hadde eit forhold til Vigra kringkaster.

Asbjørn Gjærde

Asnjørn Gjærde er tidlegare distriktssjef ved NRK Møre og Romsdal. Han har skrive bok om kringkastingshistoria i heimfylket.

Foto: NRK

– Radio var høgtidleg og spennande på den tida. Men det var heller ikkje alltid like høyrbart. Det kunne vere både skurring og skraping. Av og til datt sendaren ut når det var dårleg ver. Men Vigra var i alle sine hjarte, alle var nøydde til å ha eit forhold til sendaren på Vigra, seier Asbjørn Gjærde.

– Kva betydde sendaren for dykk som arbeidde i NRK?

– Sendaren var distributøren. Kunne ikkje sendaren distribuere programma, då hadde ikkje programma vi laga kome ut til folk. Vi var heilt avhengige av denne sendaren, seier Gjærde.

– Så sendaren var viktig for folk?

– Ja, sendaren har betydd mykje. Denne sendaren gjorde det mogleg for folk å motta både gode og dårlege meldingar. Og ved viktige hendingar lytta alle. NRK var lenge den einaste kringkastaren i landet. Alle høyrde det sam, og det hadde nok sine fordelar, men også ulemper, seier Gjærde.

Er det vemodig at sendaren forsvinn?

– Eg har ikkje lagt merke til at folk har så mykje imot at masta forsvinn. Eg trur folk innser at masta må falle. Ho har ingen funksjon lenger. Så det er nok ikkje så mange tårer over sjølve masta. Men historia må takast vare på, for den har hatt stor betydning, seier Gjærde.

Video vigramasta kutta med 15 meter

Vinden på Vigra var sterkare enn masta var berekna for. Norkring kutta dermed toppen hausten 97 og meinte masta då var tryggare. Luftfartsverket meiner kuttinga ikkje har noko å seie for flytrafikken og ville framleis ha fjerna masta.

Video Radiomasta på Vigra foreslått freda i 2002

I 2002 kom det forslag om å frede radiomasta på Vigra.

Programtilbodet over Vigra på 50-talet

Tidlegare distriktssjef ved NRK Møre og Romsdal, Asbjørn Gjærde, har skrive bok om kringkastingshistoria i Møre og Romsdal. Her gjev han oss eit innblikk i kva programtilbod som gjekk ut over Vigra kringkaster på femtitalet.

Det tok tid med utbygginga av kringkastarar i Noreg. Men i løpet av 1950-åra nådde NRKs sendingar omsider fram til folket i heile landet, ikkje minst takka vere stasjonen på Vigra. Den hadde fått sin rettkomne plass på søkjarskalaen til alle radioapparat, og der – på det lysande displayet – var Vigra-namnet trygt plassert saman med Motala, Moskva, Hamburg, Hilversum, Luxemburg og mange, mange andre. Det var sikkert ein del som innimellom søkte seg fram til desse også, men det normale for dei fleste her heime var at søkjarvisaren sto urørleg på fast plass, og då Vigra for veldig mange.


I 1950-åra baud NRK på ei rekkje nye og spennande radioprogram, brei og folkeleg underhaldning. Denne perioden i kringkastingas historie blir derfor rekna som radioens glanstid. Blant programma var Ønskekonserten, moroprogrammet Rundtomkring frå Store Studio, Gammal dansemusikk, den humoristiske posten Døren og Visens Venner. Men attåt desse i høg grad også Barrnetimen som nesten alle barn mellom 7 og 12 år lytta til kvar laurdag ettermiddag, ifølgje Norsk Gallup.


For dei fleste norske radiolyttarane starta dagen med faste postar som Vermelding, Dagsnytt, Andakt og Barnetimen for dei minste. Vêrmeldinga og dagsnytt kom forresten att tre-fire gonger i løpet av dagen. Blant faste daglege postar var elles Veret til sjøs, Melding om fisket, Børsnoteringar, Hus og heim og Musikk til arbeidet.

Musikkutvalet frå morgon til kveld var ei blanding av lett musikk og klassisk musikk. Ungdomsrevyen gjekk på ettermiddagstid, der det også var tilbod for lyttarar som ønskte språkundervisning i engelsk, tysk og fransk. Foredrag om ulike emne, samtaleprogram, Utanrikskronikken og Storting og styringsverk gjekk på kveldstid, medan Høgmesse sto fast på programmet kvar søndag formiddag.


Sporten fekk også sin plass i programma sjølvsagt. Noregsmeisterskap på ski vart referte frå med lange overføringar, og friidrett og landskampar i fotball fekk sitt. Men først med vinterolympiaden i Oslo i 1952 gjekk det verkeleg opp for NRK kor viktig og populært dette stoffområdet var, og frå den tid starta oppbygginga av ei stadig breiare og betre dekning av sporten.


Det som gjekk ut frå Vigrasendaren av lokalt stoff, var heilt fram til slutten av 1950-talet stort sett berre meldingar om fangst og fiske, landbruks- og arbeidsmarknaden, i ei kort sending kl. 14.00. Dessutan lokale sportsmeldingar på sein kveldstid søndagane. Men dette endra seg i 1957, då NRKs avdelingskontor ute i landet fekk større sendetid lokalt. Dermed kunne dei i tillegg til riksprogram også lage program til lokalt bruk, og det var svært populært.

Distriktskontoret i Ålesund var faktisk det første som kom i gang med den ordninga. Det vart laga ei dagleg 20-minutts sending klokka 14.00 kvar dag med ein velkjent Sousa-marsj som kjenningsmelodi (El Capitan), og den er så fengjande at kvar gong den lyddest kunne ingen vere i tvil om at no er Vigra lokal – som folk sa – på lufta.