Dei fryktar meir kriminalitet, seier Aslaug Breivik som er ein av initiativtakarane til underskriftskampanjen seier dei fryktar meir kriminalitet.
Underskriftene er levert til kommunestyre-representantane. I ettermiddag skal kommunestyret vedta budsjettet for neste år og der er nattheimen ei av sakene som inngår. Sosialsjef i Molde kommune, Nils Morsund, seier til Romsdals budstikke at innbyggarane ikkje har noko frykte. Ifølgje Morsund skal det vere miljøarbeidarar tilstades og kommunen har også eit samarbeid med politiet, men dette er ikkje tilfreds-stillande, meiner innbyggarane. Dei håper no at kommunen tek omsyn til dei innsamla underskriftene.