Ein romsdaling i 40-åra må i fengsel etter å ha køyrt med heile 2,63 i promille i fjor sommar.
Mannen hadde dotter si som passasjer.
Under køyreturen heldt han på å kollidere fleire gonger og køyrde også inn i sida på ein annan bil.
Retten har i skjerpande retning lagt vekt på at han hadde høg promille, at køyringa skjedde over ei forholdsvis lang strekning med dottera i bilen på eit tidspunkt med mykje trafikk, og at han gjorde skade på ein annan bil.
Mannen må sone 30 dagar i fengsel og betale 70 000 kroner i bot. Han får ikkje køyre bil dei tre neste åra.