Hopp til innhold

Priyangika vil stanse alle utanlandsadopsjonar

Adopsjonsaktivisten krev at det blir slutt på å adoptere barn frå utlandet. Styresmaktene vurderer om adopsjonssystemet skal granskast.

Priyangika Samanthie protesterer på Sri Lanka

Priyangika Samanthie blei adoptert frå Sri Lanka til Molde. Ho er svært kritisk til utanlandsadopsjonar og har starta organisasjonen Romantisert Innvandring.

Foto: Mahendra Dhammika

Sju veker gamal blei Priyangika Samanthie adoptert frå Sri Lanka til Molde. Allereie som lita jente stilte ho spørsmål om den biologiske mora si. Ho følte det var noko feil med adopsjonen.

– Eg følte ikkje at eg passa inn. Det er det eg har leita etter heile tida. Eg har leita etter min plass, seier 30-åringen. Ho er aktuell i dokumentaren «Veien hjem» på NRK.

1992: Turid Fiskarstrand og mannen med Priyangika Samanthie nett heimkomen frå Sri Lanka

Turid Fiskarstrand og Nils Harald Oterhals adopterte Priyangika frå Sri Lanka då ho var sju veker. Dei har støtta ho i jakta på å finne svar om adopsjonen.

Foto: Privat

Menneskehandel

Samanthie starta jakta på sin biologiske familie på barneskulen og hadde nesten gitt opp håpet då lokale folk i Sri Lanka klarte å lokalisere mora hennar i Colombo.

Gjenforeininga i 2014 blei slett ikkje slik som på film, der dei kom springande mot kvarandre og ho skulle få svar på alt ho lurte på.

I staden fekk ho bekrefta kjensla si av at utanlandsadopsjon ikkje er uproblematisk.

Ho trur mange av adopsjonane handlar om menneskehandel og fryktar at mange kan ha falske papir. Undervegs oppdaga ho at hennar eigne adopsjonspapir hadde manglar.

Les også Sri Lankas myndigheter: Innrømmer ulovlig adopsjon av barn til Europa

Illustrasjonsbilde

– Bør stoppe adopsjonane

Fleire land, blant anna Sverige og Danmark, har sett i gang granskingar av adopsjonar frå utlandet fordi ein fryktar at barna har blitt stolne frå foreldre eller kjøpt av kriminelle. Nederland stoppa ein periode all adopsjon frå andre land, etter ein rapport som avdekte overgrep og korrupsjon. Men i april 2022 starta dei igjen opp med internasjonale adopsjonar.

Samanthie har dei siste ti åra intervjua 500 utanlandsadopterte til eit bokprosjekt. Ho meiner norske styresmakter må gå gjennom papira for alle dei over 20.000 adopsjonane hit til landet.

– I mellomtida må all adopsjon frå utlandet stoppast, og før ein opnar vidare bør regjeringa bevise at det er etisk, seier Samanthie.

Vurderer behovet
Kjersti Toppe

Kjersti Toppe (Sp) er open for at det kan vere behov for ei gransking av utanlandsadopsjonar i Noreg også.

Foto: Heiko Junge / NTB

Barne og familieminister, Kjersti Toppe (Sp), seier at spørsmålet om gransking har vore på dagsorden etter rapporten frå Nederland. Barne- og familiedepartementet (Bufdir) har fått i oppdrag å vurdere om det er behovet for ein gjennomgang av adopsjonssystemet.

Granskingar i land som står oss nære, som Danmark og Sveits, har avdekt uregelmessigheiter og i nokre tilfelle straffbare handlingar knytt til adopsjonar. Dette er eit tema eg tar på stort alvor, seier Toppe. Ho er open for at det kan vere behov for gransking i Noreg også.

Bufdir opplyser at dei per i dag har ingen indikasjonar på at det har skjedd ulovligheter i gjennomføringa av adopsjonar til Noreg.

– Ingenting å skjule

Foreininga Verdensbarn har sidan 1954 fått rundt 7.000 barn adoptert frå utlandet til Noreg – altså over ein tredel av dei som har komme hit. Dei er ikkje motvillige til ei gransking.

– Vi har ikkje noko å skjule. Vi er opne for ei slik gransking, men ser ikkje behovet, seier dagleg leiar Young K. Kim. Han meiner dagens retningsliner for utanlandsadopsjon er mykje betre i dag enn berre frå slutten av 1980-talet.

Difor meiner Verdensbarn at stans av utanlandsadopsjon er å overdrive.

– Vi meiner alle adopterte i Noreg er adopterte på lovleg vis, seier Kim.

Heller ikkje ein av dei to andre adopsjonsformildarene i Noreg, Adopsjonsforum, er imot gransking.

– Men vi kan ikkje sjå at det er grunnlag for ei generell gransking, seier dagleg leiar Nina Wang.

Les også – Vi blir ansett som norske hele veien, men ute på gata så er vi jo ikke det

Line Mau Hersve

Mange i fosterheim

Sjølv om Samanthie skulle ynskje at ho aldri blei sendt ut av Sri Lanka i 1992 har ho hatt eit godt liv med sine adoptivforeldre, der det har vore stor takhøgd for å snakke kritisk om adopsjon. Ho meiner adoptivforeldre er eit like stort offer som dei biologiske foreldre.

Ho har ei klar oppfordring.

Noreg har mange barn i barnevernet som trenger å takast vare på. Likevel hentar ein barn frå andre sida av kloden som verken får oppfølging eller dekka rettane sine. Dei blir svikta dobbelt – både i heimlandet og i Noreg, seier Priyangika Samanthie.

Priyangika har alltid følt at det er noe feil med adopsjonen sin. Hun leter etter svar i Sri Lanka. Det hun finner både overrasker og opprører henne»

Priyangika har alltid følt at det er noe feil med adopsjonen sin. Hun leter etter svar i Sri Lanka. Det hun finner både overrasker og opprører henne.