Hopp til innhold

Meiner pride bør ut av skulen: – Skulen skal vere fri for politikk og ideologi

Pride-debatten har tatt fyr igjen etter flagg-nekt på skular i Ålesund. Leiar for eit foreldrenettverk vil ha pride heilt ut av skulen.

Amanda Iversen Orlich

Helèn Rosvold Andersen leiar ein foreldreaksjon som meiner at pride ikkje har noko i skulen i gjere i heile tatt. Pride var tema i Debatten torsdag.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Det har vore store reaksjonar etter at Ålesund kommune tysdag gjekk ut med at skulane ikkje fekk flagge under pride.

Torsdag er pride tema i Debatten.

Helèn Rosvold Andersen frå Kristiansand leiar ein foreldreaksjon som meiner at pride ikkje har noko i skulen å gjere i heile tatt.

– Då snakkar vi om politikken og ideologien som pride fører og står for i skulen, som skal vere fri for politikk og ideologi, seier Andersen.

Helèn Rosvold Andersen

I kveld kl. 21.15 var pride tema i Debatten på NRK. Både flagging på skular, kva barn bør lære og om pride-paraden.

Ho meiner at særleg det å snakke om kjønnsidentitet kan forvirre barn i barnehage- og barneskulealder. Ho meiner det er betre å la barna modnast gjennom puberteten.

– Når ein har eit ord som ikkje er forankra i biologi, som er sett til at kjønn er ei kjensle, er krevjande, utfordrande og skapar forvirring hos barn når det blir sådd tvil om det mest sikre dei veit, at dei er gut eller jente.

Ho møter leiaren i Fri til debatt. Viljar Eidsvik meiner pride er ein god moglegheit for skulane å vise at dei er for alle.

– Det er kjempeviktig at ein lærer opp barn om det mangfaldet som finst på skulen. Det går skeive elevar og regnbogefamiliar på skulen, og desse barna veit vi er ekstra sårbare. Det er føresetnad med slik undervisning, seier Eidsvik.

Amanda Iversen Orlich

Viljar Eidsvik er leiar i Fri, foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Vi foreldre veit best. Når småbarn ikkje kjenner seg igjen i sitt fødte kjønn, viser forsking at når puberten kjem, fell mange på plass, seier Andersen.

Skulen skal utfordre normene som finst om kjønn. Alle skal få rom til å vere seg sjølv, seier Eidsvik.

Kjenner seg ikkje att

Gunnhild Kristin Borlauge er sjølv lesbisk, men seier ho likevel ikkje kjenner seg att i pride.

Pride blitt ei dyrking og eit fokus på noko som skulle bli normalisert, men det har blitt delvis seksualisert. Eg kjenner meg litt framand i pride til tider.

Marius Hofseth møtte til Debatten torsdag iført ein type lær-uniform. Han er president i SLM, scandinavian leather man, homofile og bifile menn med interesse for fetisjar.

Amanda Iversen Orlich

Marius Hofseth til høgre møtte slik til Debatten.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Vi går stolt i pride og det har vi alltid gjort. Eg synest det er trist at ikkje Borhaug finn seg heime i pride. Vi er det vesle sorte fåret som får mykje kjeft fordi vi seksualiserer paraden, men vi meiner dette er heilt innafor, seier Hofseth.

Det har oppstått ei splitting i landet blant folket. Vi må våge å stille spørsmål - kva synest folk er vanskeleg, meiner Borhaug.

– Vi må hugse at pride starta som eit opprør mot forboden sexualitet. Kjærleiken var aldri forbode, det var menn som hadde sex med menn som blei sett i fengsel. Det er det vi protesterte mot, og det er det vi feirar at er blitt lov, seier Hofseth.

Gunnhild Kristin Borlaug

Gunnhild Kristin Borlaug.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Uro rundt flagging

Det var tysdag kommunedirektør i Ålesund sende ut melding om at skulane ikkje fekk flagge med regnbogeflagget under pride.

– Det har vore mykje uro rundt flagging, og det kjentest vanskeleg for rektorane, og det splittar foreldra. Enkelte foreldre nektar å ha barna på skulen då dette pågår, seier kommunedirektør, Jon Steven Hasseldal.

Amanda Iversen Orlich

Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal i Ålesund til venstre og Tormod Evensen til høgre.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Tidlegare kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) meiner det bør vere opp til kvar enkelt skule om dei vil flagge.

– Det klarer rektorane å avgjere sjølv. Å ta ei så autoritær beslutning går utover ytringsfridomen og sender eit skadeleg signal, seier Trettebergstuen.

Ho er likevel ikkje for noko flaggpåbod.

Rektor Hallgeir Buset ved Blindheim ungdomsskole heiser flagget.

Rektor Hallgeir Buset ved Blindheim ungdomsskole heiser flagget.

Foto: Hans-Olav Landsverk

– Det er eit vårteikn at denne debatten kjem. At nokre vaksne er fordomsfulle og ikkje ønsker å sjå dette flagget, skal ikkje gå utover barna våre, seier ho.

– Ein må respektere at folk har ulike syn på dette flagget. Det skal vere ein skule for alle, seier Hasseldal.

Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen (Ap)

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Bad om politisk behandling

Etter alt engasjementet saka har skapt, bad ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) allereie same dag om at saka skulle bli behandla av politikarane.

Varaordførar Monica Molvær (H) meiner det hadde vore bra med flagging.

– Dette handlar om å skape ein trygg skule. Er ein usikker på seg sjølv er det at skulen nektar å flagge med på å gjere det verre. Ein må ta eit oppgjer, vere modig og tørre å heise flagget.

I SMS skriv Lykkebø Strand til NRK at han synest debatten har sklidd ut.

«Eg veit denne saka vekker sterkt engasjement frå mange. Men eg meiner debatten har sklidd litt ut, for det skal ikkje vere tvil om at Ålesund er inkluderande kommune der ein er velkommen uansett kven ein er eller kven ein elskar», skriv han.

Håkon Lykkebø Strand (Frp)

Håkon Lykkebø Strand er ordførar i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vil feire på andre måtar

Frp-ordføraren fortel at forbodet kun går kun på om skulane kan heise regnbogeflagget, men ikkje mot sjølve pride-markeringa. Argumentet var at rektorane kunne bli sett i ein vanskeleg posisjon.

– Vi skal heise flagget på rådhusplassen og fleire stader. Eg trur det blir stor markering på dei fleste skulane i Ålesund der ein snakkar om mangfald og inkludering, og det er eg heilt samd i at er det viktigaste, at alle kjenner seg velkomne i vår flotte by, seier Lykkebø Strand.

På spørsmål om kva han sjølv meiner no, svarar han at dei vil behandle saka i kommunestyregruppa og vil diskutere der kva Frp skal meine.

Regnbueflagget er hengt opp ved Blindheim ungdomsskole i Ålesund.

Regnbogeflagget ved Blindheim ungdomsskole i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Bystyret i Oslo har gått inn for ei anna tilnærming når det gjeld flagging på skulane.

– I Oslo skal vi både flagge og feire, og det er viktig for å markere det mangfaldet vi har i byen. Det å markere det overfor skulebarna, dei er trygge på skulen uansett kven dei forelskar seg med, om foreldra har same eller ulike kjønn, det å gje barna den tryggleiken er ein veldig viktig del av det arbeidet som gjerast, seier Julianne Ferskaug, byråd for sosiale tenester.

Lærar vil ikkje delta

På Konnerud skole i Drammen kjem ikkje lærar Tormod Evensen til å vere til stades når dei samlar seg for å heise regnbogeflagget.

– Eg er ikkje overtydd om at pride er rett i skulen. Er ser på pride som noko mykje meir enn ei markering mot diskriminering eller å gi menneske rett til å elske den ein vil. Det har vore politisk kamp, eit ideologisk flagg og står for kjønns- og seksualmangfald, seier Evensen.

Tormod Evensen

Tormod Evensen

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK