Festdagen for Bygdepride fekk ein trist start da nokon hadde rive ned regnbogeflagga i Ørsta og Volda.
– At nokon river ned prideflagg er forkasteleg, men dessverre ikkje overraskande. Både fordi det har skjedd før, men også fordi debatten har blitt skjerpa og meir polarisert, seier nyvald nestleiar i Miljøpartiet Dei Grøne, Jonas Nilsen.
Nilsen rettar ein peikefinger mot Kristeleg Folkeparti som nyleg gjekk inn for å forby regnbogeflagg på skolar.
Partiet vil at berre norske, samiske og kvenske flagg skal tillatast på offentlege skolars flaggstenger.
– Eg meiner at KrF har eit spesielt ansvar for at debatten har blitt slik. Dei nytta landsmøtet sitt til å angripe regnbogeflagget som eit samlande symbol, seier Nilsen.
– Bomskot
Partileiar i Kristeleg Folkeparti kallar dette fullstendig bomskot.
– KrFs forslag er på linje med den norske flaggpolitikken som det var tverrpolitisk einigheit om fram til 2021. Det er heilt meiningslaust å hevde at dette er grunnen til det triste, nedslåande og ulovlege hærverket i Volda, seier Dag-Inge Ulstein.
Dag-Inge Ulstein under Krfs landsmøte i april.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBVil kjempe for regnbogeflagget
Nilsen meiner at når pridemarkeringar blir angripne slik som i Volda, bør politikarar heller samle seg om å forsvare retten til å vere seg sjølv og elske den ein vil.
– Vi i MDG lovar at vi skal ta kampen for at alle regnbogeflagg skal få vaie i fred, både i norske skolegardar og alle andre stader. Verken bøller som riv ned flagg eller KrF sine forbod vil endre på det.
– Splittande og polariserande retorikk
Ulstein svarer at det norske flagget er samlande og inkluderande.
– MDGs retorikk derimot er splittande og polariserande. Meiningsmålingar viser at KrFs forslag er noko som ein stor del av det norske folket er einig i. Betyr det at alle desse menneska er mot kjærleik, mangfald eller rettane til skeive? Nei, sjølvsagt ikkje, svarer Ulstein.
Artikkelen er blitt endra med denne presiseringa 11. mai klokka 11.50:
Krf opplyser at dei viser til ei undersøking utført av Respons Analyse for Subjekt. Undersøkinga blei publisert 6. mai. Der svarte 58 prosent at dei er imot forbod om pride-flagging i norske skular, medan 25 prosent er for eit forbod, 16 prosent svarar veit ikkje.
Dei viser også til ei meiningsmåling utført av InFact for Dagen, publisert 9. mai, der 57,7 prosent er ueinige med KrF, medan 33,7 prosent er einige i KrFs flaggpolitikk, 8,6 prosent svarer veit ikkje.
Kvart år er det diskusjonar knytte til regnbogeflagget. Kvifor det? Og kvar stammar det frå?