Medan likestilling mellom kvinner og menn er sjølvsagt i dei fleste norske bedrifter og organisasjonar, kranglar framleis kristenfolket om kvinner er eigna til å ha åndelege toppverv.
– Samvitet vårt botnar i det Bibelen faktisk seier, slår Erik Furnes fast. Han er generalsekretær i ein av dei største misjonsorganisasjonane i landet, Indremisjonsforbundet.
Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet. Han meiner bibelen seier at kvinner ikkje kan sitje i eldsterådet.
Foto: Magnus Gamlem / NRKNyleg har organsisasjonen behandla spørsmålet på nytt, og slår igjen fast at berre menn kan vere åndelege leiarar i forsamlingane. Dette har vekt engasjement og sterke kjensler.
Ønskjer kvinnene velkommen
Emblem bedehusforsamling i Ålesund nektar å føye seg etter synet til leiinga. I to år har den åndelege toppleiinga òg hatt med ei kvinne, i det såkalla «eldsterådet». Dette er forsamlinga på Sunnmøre åleine om i heile Noreg. Styreleiar Arild Ove Halås meiner synet til leiinga er ei belastning.
Arild Ove Halsås ved Emblem bedehusforsamling meiner at å opne for kvinner har vore ei stor velsigning.
Foto: Roar Strøm / NRK– Vi opplever at det skaper veldig mykje unødvendig støy i ein misjonsorganisasjon som har viktige ting å gjere, og at det tek fokus vekk frå det, seier han.
Halås seier dei har berre gode erfaringar med å ta inn ei kvinne i eldsterådet.
Har ikkje lykkast med å endre praksis
Også lenger sør på kysten er det strid rundt bibelsynet i organisasjonen. Medlemmene i Fredheim Arena i Sandnes stemde over kvinne-spørsmålet tidlegare i haust, men det vart ikkje stort nok fleirtal for å endre syn.
– Vi har prøvd å endre praksisen. Den stenger ute meir enn han inkluderer. For oss er det eit tolkingsspørsmål eg vil til livs, sa styremedlem Edmund Rossland tidlegare denne veka til NRK-programmet Dagsnytt 18. Han har fremja forslag om å endre praksisen i organisasjonen tre gonger.
Han meiner den kristne kyrkjelyden er for folk flest og at folk lever i ein annan røyndom enn det Indremisjonsforbundet opplever.
Helge Simonnes, tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, trur det kjem til å bli meir strid om saka framover.
Foto: Kari Jeppestøl Arntzen / NRK– Veldig triste signal
Den tidlegare sjefredaktøren i Vårt Land, Helge Simonnes, seier at synet på Bibelen alltid har vore eit stort stridsspørsmål, og trur at Indremisjonsforbundets kvinnesyn kjem til å føre til opprivande debatt framover.
– Dette er veldig triste signal. Eg kan ikkje skjønne at vi kan leve med dette i 2021, dette kjem til å bli endringar på, seier han.
Religionsfridom
Likestillings- og diskrimineringsombodet forstår at det blir stilt spørsmål ved kvinnesynet til misjonsorganisasjonen.
–Slik saka blir framstilt, ser det ut til at denne praksisen er religiøst grunngitt, noko som tilseier at den er beskytta av religionsfridommen. Men trass i dette, så finn eg grunn til å seie at dette er forskjellsbehandling av kjønna, som ikkje er i tråd med korleis vi ser på kjønn i samfunnet elles, seier fagdirektør Margrethe Søbstad.
Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet forstår at folk reagerer, men seier dei ikkje kan ta omsyn til det.
–Alle kjempar for likestilling på dei fleste område, men når Bibelen faktisk seier noko om desse tinga, må vi ta det på alvor.