Hopp til innhold

Valdssikta prest sett fri frå varetekt

Sunnmøre politidistrikt har sett fri presten som blei pågripen og varetektsfengsla for vald i nære relasjonar i påska.

Ålesund Politistasjon

Ålesund politistasjon. Presten vart pågripen og sikta for vald i nære relasjonar i påska.

Foto: NRK

Politiet meiner det no ikkje er fare for at presten skal øydelegge prov. Sunnmøre politidistrikt opprettheld siktinga og etterforskar saka vidare.

John Hammervoll

Forsvarar Hohn Hammervoll meiner det ikkje er grunnlag for vidare fengsling av mannen.

Foto: Advokatfirmaet Hammervoll & Co DA

– Avhøyra som er tatt, viser at det ikkje var grunnlag for fengsling, seier forsvarar John Hammervoll.

Det var i påska at presten vart pågripen, sikta for vald i nære relasjonar. Han samtykka til 14 dagars varetektsfengsling.

– Det er tatt avhøyr av involverte og vi meiner at det ikkje er grunnlag for fengsling, seier Hammervoll.

LES OGSÅ:

Av omsyn til den vidare etterforskinga vil politiet framleis ikkje kommentere saka.

Mannen har vore isolert i fengselet. Sjølv om han berre har hatt brev og besøkskontroll, hevdar forsvararen at politiet har nekta han all kontakt med omverda.

Forsvararen seier at presten har fått mykje tid til å tenkje.

- Han er forholdsvis medteken. Eg var hos han i går, seier Hammervoll.

Han ser ingen grunn til at mannen ikkje skal få kome tilbake til jobben sin som prest. Presten har ifylgje forsvararen fått mykje støtte frå lokalsamfunnet.

- Han seier at han har lært noko av dette og kanskje kan gjere ein betre jobb med denne erfaringa her, seier Hammervoll.