Pastor Jan Roar Sekkelsten meldte sin interesse etter at NRK kom ut med saken.
Foto: Per Kjetil JørgensenSissel Lillebø frå Skodje og Alex Klein-Paste hadde ein draum om å gifte seg på Reindalssetra i Tafjord, men problemet var å skaffe prest. Dei brukte både Facebook og media i jakta på ein spreking, og no har dei fått full utteljing.
– Det var heilt perfekt, seier ei strålande blid brud.
Turleiar og speidar
Pastor Jan Roar Sekkelsten frå Førde er turleiar i turistforeininga og gamal speidar. Han las artikkelen på NRK og kontakta paret. No vert det fjellbryllaup St. Hanshelga 2013 i tre dagar til ende.
– Kombinasjonen at eg har vigselsrett og at eg elskar friluftsliv gjer at det var naturleg for meg å ta eit slikt oppdrag, seier Sekkelsten. Han er pastor i Det norske baptistsamfunn.
LES OGSÅ:
Vigsle skal skje i kyrkja
Grunnen til at det var så vanskeleg for paret å skaffe prest er at vigslar i regi av kyrkja primært skal knytast til kyrkjene eller andre stader der det er tradisjon for å halde gudstenester.
Reindalssetra er i utgangspunktet ikkje ein slik stad. Innstramminga kom etter mange spesielle bryllaup.
– Opp gjennom har det vore ein del spesielle tilfelle av vigsler. I telefonkioskar eller fallskjerm, sånne ting som tek merksemda vekk frå dei tinga som skal vere ramma for ein vigsel, seier prost Svein Runde i Austre Sunnmøre prosti.
Høgtideleg på fjellet
Paret elskar å vere ute i friluft og difor er det naturleg å velje utandørs bryllaup.
Foto: PrivatLillebø er glad for a ho likevel får det bryllaupet ho og kjærasten har drøymt om.
– Etter ein prat med pastoren viser det seg at vi har same tankane om korleis vigselen skal vere. Det skal vere høgtideleg og stemningsfullt, sjølv om det er ute i friluft, seier Lillebø.
No når presten er i boks, kan ho konsentrere seg om resten av det som skal ordnast til bryllaupet.