Hopp til innhold

Gamle fjøsar blir festlokale

Stadig fleire løer og fjøsar blir bygde om til festlokale. Det same gjeld sjøbuer ved kysten.

Orheimstunet på Stårheim

MURANE ER FRÅ 1847: Gamlefjøsen i Orheimstunet er bygd om til selskaopslokale.

Foto: P. O. Dybvik

Når gardsdrifta blir lagd ned, blir gamle bygningar restaurerte og brukte til selskap og bryllaup.

På Stårheim i Eid kommune har Åshild Orheim Haga bygd om fjøsen til fest- og kulturbruk.

– Merra stod der pianoet no står

– Dette er den gamle fjøsen som min tippoldefar bygde i 1847. Eg sat her og mjølka til 1986, då bygde vi ny fjøs. Bygningen var eigentleg i veldig dårleg forfatning, men murane synest eg er fantastiske.

– Vindaugene her er eigentleg møkagluggar. Her kasta vi ut møka, der borte stod storoksen, merra stod der pianoet er, og sauene stod der ute som det no er kjøken.

Fjøsar og kanskje endåtil fjøslukt til kultur og fest? Det er nok ikkje så veldig mange år sidan folk flest ville flirt godt av slike idear. Men situasjonen er ein heilt annan i dag.

– Trist med den tomme fjøsen

Ingeborg Slåtten i Jølster er og mellom dei som har funne ein ny måte å bruke fjøsen etter at det vart slutt med mjølkeproduksjonen.

– Eg tykte det var trist med den tomme fjøsen, og eg likar å jobbe med kreative ting, fortel ho om starten på det som skulle bli eit aktivitetshus utanom det vanlege.

LES OGSÅ: Fjøs vart moderne aktivitetshus

(Artikkelen held fram under biletet).

Ingeborg Slåtten

AKTIVITETSHUS: Ingeborg Slåtten på Slåtten i Jølster har bygd om fjøsen sin.

Foto: Hallstein Dvergsdal/Firda Tidend

Minnestund og barnedåp

Fjøsen pub på Skei i Jølster, Åmot Gard i Bygstad og driftsbygninga på Vågsberget er døme på ei slik utvikling. På Orheim hadde Åshild direkte bruk for eit romsleg allbrukslokale.

– Eg hadde eit museum på garden, og så kom det etter kvart busslaster, og eg måtte bruke privathuset mitt. Då fann vi ut at vi skulle lage til ei drøsestove av dette. Og etter det har det vore brukt til selskapslokale, kurs, minnestunder og barnedåpar.

– Er dette kulturvern?

– For meg er det kulturvern å ta vare på desse gamle murane som har stått her sidan 1847.

I gamle dagar var det gjerne slik at løa i spesielle situasjonar kunne bli brukt til bryllaupsfeiring eller til ein låvedans. Men nesten aldri fjøsen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Orheimstunet på Stårheim - interiør

OVERNATTING: I den tidlegare fjøsen på Orheim er det og laga til overnattingsrom.

Foto: P. O. Dybvik

– Litt røffare bruk

På den gamle handelsstaden Vågsberget i Vågsøy er driftsbygningen etter stor ombygging blitt festlokalet Kultursmia,seier Rita Andal.

– For å få eit hus som folk flest kunne bruke så vart denne driftsbygningen bygd om til eit selskapslokale for litt røffare bruk. For hovudhuset her på Vågsberget skal nyttast til litt finare lag.

– Kva blir det mest brukt til?

– Om sommaren er det sommarkafé, elles har vi hatt bryllaup, konfirmasjonar, barnedåp, litt forskjellig.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vågsberget i Vågsøy

KULTURSMIA: Driftsbygningen på Vågsberget i Vågsøy er blitt selskapslokale.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Ei heilt anna stemning

Også bygningar frå fiskerinæringa blir bygde om eller ominreidde til bruk i festlege lag. Wily Blålid frå det legendariske bandet Skjærgårdsgutta har gjort om den gamle, store sjøbuda si i Blålida er blitt eit ynda festlokale.

– Det starta som eit renoveringsprosjekt. Bua heldt på å ramle på havet. Så begynte vi å rydde ut og lage til, og då kom det spørsmål frå familie og vener om å få arrangere ting der. Det er veldig kjekt å ha eit føremål med det

– Og det blir ei heilt anna stemning i eit slikt lokale. Folk trivst i eit slikt miljø.

Fjøsen pub på Skei

FRÅ FJØS TIL PUB: Fjøsen Pub på Skei i Jølster er eit godt døme på ny bruk av tidlegare landbruksbygningar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Bra for bygda

Sigmund Larsen i Sogn og Fjordane landbruksrådgjeving meiner dette er god og nyttig bruk av landbruksbygningar.

– All alternativ bruk av gamle kulturhistoriske bygningar er bra for bygda og landskapet. Nedbygginga av landbruket er trist for Norge som matprodusent, men det er viktig at det bur folk ute i distrikta, og då det ein stor fordel med aktivitet i bygningane.

– Ja, kva betyr dette for bygdene?

– Det betyr veldig mykje. Det er levande bygder vi snakkar om. Alternativ bruk av ein landbrukseigedom er veldig viktig.

– Kor mykje støtte kan ein få til slik ombygging?

– Det kjem an på kor mykje ombygging det er snakk om. Du har «Ta eit tak», det er vøling av tak på gamle bygningar, så har du SMIL-midlar, som fylkeskommunen deler ut til kommunane til spesielle miljøtiltak i landbruket, og til større prosjekt har vi BU-midlar.

– Trur du det blir fleire fjøsar som blir bygde om til andre føremål i tida som kjem?

– Ja, det trur eg. Det er ei generell omlegging av landbruket, og mange ser seg om etter andre måtar å bruke bygningane på.