Hopp til innhold

Landets største ferjefylke nektar å auke ferjeprisane – no fryktar lærarane skulekutt

Fylkeskommunen er i økonomisk knipe, men politikarane vil ikkje hanke inn 50 millionar på ferjebillettane.

Ferge Hollingsholmen - Aukra.

Møre og Romsdal er fylket som transporterer flest passasjerar i landet. Fleirtalet av fylkespolitikarane vil ikkje sette opp billettprisen.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Der er fint for lommeboka å pendle med ferja frå Aukra. Den blei gratis i august og for Sigmund Pedersen betyr ferja mykje.

– Ferja er alfa og omega for å kome oss frå øya. Tilbodet kunne ha vore endå betre med oftare avgangar og gjerne nattferje, seier Pedersen.

Etter eit massivt ferjeopprør i 2019 som protesterte mot høge ferjeprisar blei det innført gratis ferje og lågare billettprisar fleire stader i landet.

Sigmund Pedersen står utenfor bilen sin på frega fra Aukra til Hollingsholmen i Møre og Romsdal.

Sigmund Pedersen bur på Aukra og ynskjer seg eit endå betre ferjetilbod enn i dag.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK
Monica Molvær (H) i debatten om kutt i budsjettet til Møre og Romsdal fylkeskommune november 2023

Fylkespolitikar Monica Molvær (H) lovar innbyggjarane at ferjeprisane ikkje skal auke.

Foto: Remi Sagen / NRK

Foreslår prisauke

No foreslår fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal å auke billettprisen for å hente inn 50 millionar kroner. Fylkeskommunen ligg i gjeldstoppen i landet og har store økonomiske utfordringar.

Men fleirtalet av politikarane frå Høgre, Frp, Venstre og KrF blånektar å endre ferjeprisane.

– Mange blir hardt ramma av alt anna som stig i pris. Ferja er vegen for svært mange, både pendlarar og næringslivet, seier Monica Molvær. (H)

Fleirtalet nøyer seg ikkje berre med å behalde dagens prisar. Dei vil også bruke meir pengar for å gjenopprette rutetilbod som har blitt kutta.

– Kutta i seine avgangar gjer at folk ikkje når morgonfly og må bu på hotell, seier Molvær.

Les også Ferja vart gratis i fjor. No kan ho bli lagd ned

Øyvind Svartveit er nettsjef i Indre Hordaland kraftnett og tar ferja til arbeid kvar dag.

Ina Margrethe Enoksen, streikeleder i Unio i Ålesund.

Ina Margrethe Enoksen fryktar at den dårlege økonomien skal få konsekvensar for dei vidaregåande skulane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Viktigare med skule enn ferje

Men pengane må hentast frå ein plass. Fleirtalet foreslår eit kutt på 2,7 prosent innanfor alle områda i fylkeskommunen.

Utdanningsforbundet er bekymra for at det er skulane som får svi. Dei opplever at dei over mange år har vore utsett for kutt.

– Vi er skuffa over at skulane nok ein gong kan bli nedprioritert. Ei god utdanning er meir framtidsretta enn lave ferjeprisar, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Ina Margrethe Enoksen.

Monica Molvær svarar at 800–900 skuleplassar står tomme, fordi det har blitt oppretta små klasser i staden for å legge ned tilbod på grunn av for få søkjarar.

Fellesforbundet er også uroa. Fylkeskommunedirektøren har åtvara om at 30 prosent av dei tilsette i administrasjonen kan miste jobben med fleirtalet sitt budsjettforslag.

Henrik Dalelid Vedde på ferjekaia på Sulesund.

Henrik Dalelid Vedde er glad for at fylkespolitikarane vil halde løfta sine om å ikkje auke ferjeprisane.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kan blåse liv i ferjeaksjonen igjen

Etter at dei blei innført gratis ferjer langs heile kysten har aksjonsgruppa i ferjeaksjonen vore i dvale. Dagleg leiar i ferjeaksjonen, Henrik Dalelid Vedde, er glad for at fylkespolitikarane vil verne om ferjeprisane.

– Det ser vi positivt på. Det er i tråd med det som blei lova under valkampen, seier Vedde. Han seier at dei fylgjer nøye med på det som skjer og dersom politikarane bryt løfta sine er dei klare for kamp igjen.

På ferja mellom Aukra og Hollingsholmen sit Johnny Hagset i bilen sin og slappar av. Han tar ferje stort sett kvar dag. Før det blei gratis brukte han og familien rundt 6000 kroner i månaden på ferje. Med barn som skal til byen på fritidsaktivitetar blir det mange ferjeturar.

– For oss er det viktig at ferja er gratis. Vi måtte ha kutta ut andre ting dersom ferja skulle koste pengar igjen, seier Hagset.

Budsjettsaka skal handsamast i fylkestinget som startar 11. desember.

Johnny Hagset sitter i bilen sin på ferga fra Hollingsholmen til Aukra. Han har på seg en grønn og svart boblejakke.

Johnny Hagset bur på Midsund og tar ferje stort sett kvar dag. I dag tok han ferja til Aukra.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK