Hopp til innhold

Politiet skal tilsette fleire for å ta fartssyndarar i fotoboksar

Fleire medarbeidarar skal til for å ta 70.000 fleire som køyrer for fort. Fotoboksane skal vere aktive nær døgnet rundt.

Fotoboks

TRAFIKKTRYGGLEIK: Målet med meir aktive fotoboksar er at andelen førarar som held fartsgrensa skal auke frå 62 til 72 prosent.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I sommar må du belage deg på å halde auga på speedometeret. For no skal politiet ha fotoboksane skrudd på nesten heile døgnet.

Enhetsleiar for utrykningspolitiet Vivi-Ann Haukås.

Einingsleiar for utrykkingspolitiet Vivi-Ann Haukås.

Foto: Roar Strøm / NRK

I fjor behandla politiet 180.000 saker frå fotoboksane. I år vil talet ligge på 250.000.

– Det er ei vesentleg stor auke frå i fjor, seier Vivi-Ann Haukås.

Ho er einingsleiar i utrykkingspolitiet. For at det skal gå opp skal dei tilsette fleire folk på senteret som behandlar automatiske trafikkontrollar. No er det 30 folk som jobbar der, men dei skal tilsette ti til tolv fleire.

Les også Fotobokser skal ta 70.000 flere fartssyndere: – Feil medisin, mener politioverbetjent

En svart bil kjører forbi en fotoboks.

Digital medarbeidar

Det er derimot ikkje berre politifolk og sivile som skal halde styr på alle sakene som kjem inn. Rob er ein robot som tek for seg fleire tunge oppgåver kvar dag.

– Han tek dei kjedelege oppgåvene som tar mykje tid, som importering av filmar frå Statens vegvesen. Det tek Rob i løpet av natta, fortel politiførstebetjent Ole Andreas Ulen.

Politiførstebetjent Ole Andreas Ulen på ATK-senteret

Politiførstebetjent Ole Andreas Ulen seier det er vanskeleg å ha eit tal på kor mange saker dei sit med kvar dag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Jobben skal bli enno enklare frå hausten av. Då skal eit nytt system gjere at fotoboksane ville kunne stå på heile tida.

Trur folk vil skjerpe seg

Lene Åkre Nilsen er glad for at fotoboksane skal ta fleire som køyrer for fort.

– Det er absolutt eit tiltak som bør setjast i verk.

Sjølv lærte ho tidleg at ein må passe på kva ein gjer medan ein køyrer.

– Då eg var 18 år fekk eg ei fartsbot for ei forbikøyring i ein tunnel. Bota var ikkje stor, men eg lærte meg å vere meir oppmerksam i trafikken. Fæle ulykker kan skje om ein ikkje er det.

Lene Åkre Nilsen meiner det bør kome fleire fotobokser.

Lene Åkre Nilsen har gått på ein fartssmell før. No håper ho fotoboksane vil gjere at færre gjer same feil som ho.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Nilsen meiner det bør kome fleire fotoboksar på norske vegar.

– Eg veit ikkje alle hadde blitt glade for det, men det er nok dei som treng det mest.

Synes du det bør kome fleire fotoboksar i Noreg?

Kjedeleg å få fartsbot

Ein som også har fått ei fartsbot tidlegare, er Joakim Gulliksen. Den var på 2000 kroner.

– Bota kom i posten, og det var litt kjedeleg. Men det var min eigen feil, seier han.

Difor synest han det er bra at fotoboksane vil vere meir på i framtida, slik fleire held fartsgrensa.

Eirik Uksnøy og Joakim Gulliksen på biltur.

Eirik Uksnøy og Joakim Gulliksen er på biltur i Ålesund. Dei trur fleire vil halde fartsgrensa framover på grunn av meir aktive fotoboksar.

Foto: Malin Korsnes / NRK

Som passasjer sit Joakim Uksnøy. I motsetnad til sjåføren, har han aldri fått ei fartsbot.

Er det bra at fotoboksane fungerer?

– Det får folk til å senke farta betrakteleg, trur eg.

Uksnøy har eitt tips til alle som skal køyre framover:

– Berre hold fartsgrensa.