Hopp til innhold

Slåstkamp i Skodje – politiet væpna seg etter melding om kniv

Fire personar er arresterte etter ein slåstkamp i Skodje i Ålesund.

SKODJE: Fire menn skal ha slått og sparka ein femte person i Skodje måndag kveld.

Fleire menn i 20-åra var involverte i ein slåstkamp på Skodje, måndag kveld.

– Minst ein person er slått og sparka, seier operasjonsleiar Sindre Molnes.

Væpna politi

Skadeomfanget er foreløpig ukjent, men politiet opplyser at det ikkje er veldig alvorleg.

– Det er kanskje trua med kniv i samband med hendinga, seier Molnes og legg til:

– Politiet er derfor rutinemessig væpna, seier Molnes.

Seinare måndag kveld fortel operasjonsleiar, Finn Harald Saltskår, at dei ikkje har funne teikn til at det har blitt brukt kniv, men at dei er i ein tidleg fase av etterforskinga.

Skade på ein bil

Fleire av dei involverte skal også ha skadd ein bil som stod i nærleiken av staden der slåstkampen fann stad.

– Vi jobbar framleis på staden for å sjå kva som har skjedd, men det er ein del skadar på ein bil, seier Saltskår.

Fire personar blei køyrde til arresten i Ålesund.

– Tre personar er sett i varetekt. Desse blir avhøyrt og saka blir etterforska vidare, opplyser politiet seint måndag kveld.

Ein av dei involverte blei sleppt fri.

Avhøyra vil truleg skje i løpet av tysdagen, fortel Saltskår tysdag morgon.