Hopp til innhold

Dømt for å ha delt overgrepsvideo

Ein tenåring er dømt til fengsel i 45 dagar for vald, vald mot ein polititenestemann og for å ha delt ein video av eit seksuelt overgrep. Straffa er med ei prøvetid på to år.

Det var i fjor at tenåringen delte ein video som viste eit seksuelt overgrep av eit barn under 14 år. To personar er så langt tiltalte for overgrepet.

I retten forklarte han at han delte videoen for å bevise at han ikkje var ein av gjerningspersonane. Han bad så ein anna person om å spreie videoen vidare for at rykta om han skulle stoppe, noko som førte til at videoen blei delt vidare til mange personar, står det i dommen.

I tillegg er han dømt for å ha slått ein person i ansiktet i Romsdal, og for seinare ha slått ein politibetjent som kom for å arrestere han.

Retten meinte det var skjerpande at han hadde vore med på å spreie ein video som viser eit seksuelt overgrep. I vurderinga av straffa har retten også lagt vekt på tenåringen sin unge alder og at han har tilstått det han var tiltalt for.

I tillegg til fengselsstraffa må han tole å få inndradd ein mobiltelefon og Snapchat-kontoen sin.