Hopp til innhold

Valdshending på Ulstein ungdomsskule

Ein elev skal ha utøvd vald på ein anna elev i ein garderobe på Ulstein ungdomsskule måndag. Det går fram i ein e-post frå Ulstein kommune til foreldre. Hendinga vart filma av anna elev og er delt i sosiale medium. Rektor på skulen, Tor Arne Aasen, seier til NRK at skulen ikkje har anmeldt saka, men at politiet er involvert.

– Det er viktig for oss som skule å trygge folk på at når ein sånn hending skjer, så følger vi den opp så godt som mogleg og involverer politiet med ein einaste gong, seier han.

Vedkommande som blei slått skal ikkje vere fysisk skadd, ifølgje rektoren.

Ulstein ungdomsskule, bygg
Foto: Arne Flatin / NRK