Hopp til innhold

Politiet held ferjekøsnikarar i øyrene

Kaoset på ferjekaia på Hareid har no blitt så stort, at politiet er tilkalla for å hindre at bilistar snik i køa mellom kvar ferjeavgang.

Politi på Hareid ferjekai

Ferjekøa på Hareid blir overvaka av politiet for å hindre farlege situasjonar.

Foto: Tipsar

Bilferja Høgsfjord som tar 50 færre bilar enn den ordinære ferja, klarer ikkje å ta unna den store rush-trafikken. Ein politipatrulje på tre mann kom til ferjekaia no i ettermiddag, og overvakar det som skjer på kaia.

– Vi er på plass for å sjå til at det ikkje oppstår tull og tøys mellom ferjeavgangane, stadfester operasjonsleiar Jon Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt.

Flo understrekar at politiet ikkje aktar å drive trafikkovervaking på kaia, men at dei er der fordi det har oppstått episodar siste dagane.

– Enkelte bilistar som har stått att etter at ferja har gått, har tatt snarvegar over rabattane for å sikre seg god plass til neste avgang. Dette har ført til at dei som køyrer lovleg og tar rundkøyringa for å stille seg i ferjekøa igjen, har hamna sist i køa, seier Flo.

Politiet kjem til å vere på staden i eit par timar framover.

Ved ferjeavgangen frå Hareid i 17- tida no i ettermiddag, stod fire rader med bilar att på ferjekaia. Det var rett og slett ikkje plass til fleire bilar ombord på Høgsfjord, og dermed blir det ventetid for mange, seier folk på staden som NRK har vore i kontakt med.

Ferjekaos på Hareid

Slik var situasjonen på ferjekaia i 17-tida i ettermiddag.

Foto: Tipsar

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL