Hopp til innhold

– Vi visste at dette kom til å skje

Motorhavariet på B/F «Ullensvang» set sinna i kok på Søre Sunnmøre. På førehand spådde dei kaos då den gamle ferja skulle setjast inn på Hareid – Sulesund. Tysdag kveld blei det full stopp med røykutvikling og motorhavari. Ei mindre ferje er sett inn som reserve.

Ullensvang

Her ligg «Ullensvang» ved kai på Hareid etter motorhavariet tysdag kveld.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ferjestrekninga mellom Hareid og Sulesund er ei av dei mest trafikkerte strekningane i Noreg. I øykommunane på Søre Sunnmøre er det eit blomstrande maritimt næringsliv. Berre i kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid bur det nær 28.000 innbyggarar. I tillegg er det omfattande fjerntrafikk langs Vestlandskysten på dette sambandet.

Bilferja «Ullensvang» blei sett inn i sambandet ved årsskiftet. Dette er ei ferje som er bygd i 1986, og er konstruert med bildekk i to høgder. Kritikken mot ferja har handla om høg alder, og at av- og påkøyring tek lang tid.

Terje Høybakk

Terje Høybakk er leiar i Maritim forening for Søre Sunnmøre.

Foto: Trond Vestre / NRK
Ullensvang

«Ullensvang» er ute av drift etter motorhavariet tysdag kveld.

Foto: Arne Flatin / NRK
Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne (Sp) er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ferja blir truleg ute av drift i fleire veker og ligg no ved kai i Hareid.

– Vi visste at dette ville kome. Det er ei naturlov at alt gamalt vert slite. Det vi visste kom til å skje har skjedd, seier Terje Høybakk, leiar i Maritim foreining for Søre Sunnmøre.

Tysdag kveld utviklar det seg røyk i samband med ein skade på koblinga mellom hovudmotoren og propellakslingen. Store krefter var i sving, og varmgang førte til at leidningar smelta og varme oljerestar skapte røyk. Det var ingen flamme i motorrommet.

Det kan gå veker før bilferja Ullensvang er tilbake i sambandet. Og dette signalet fører til nye protestar frå dei som er avhengige av ferja. I mellomtida skal bilferja «Høgsfjord» gå som reserveferje i sambandet. Dette er ei ferje som tek 44 færre bilar enn «Ullensvang».

– Samfunnet her er heilt avhengig av dette sambandet. Det skapar fullstendig kaos om vi skal ha denne vesle reserveferja her. Noko må gjerast straks, seier Høybakk.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke at det skal gå tre ferjer i sambandet. Dette vedtaket er enno ikkje sett ut i livet. I dag har Terje Høybakk forfatta eit brev til fylkespolitikarane, der han uttrykkjer stor frustrasjon over tilhøva. Han tek i bruk formuleringar som at «nok er nok» og at «nokon må ta ansvar».

– No bed vi om at ting må skje raskt, Vi kan ikkje vente i fleire veker på at Ullensvang skal kome tilbake.

– Trur du at det skjer noko?

Vel, også fylkespolitikarar bør vere lydhøyre folk. Eg reknar med at dei no skjønar situasjonen og forstår at næringslivet, arbeidstakarar og kven det måtte vere blir sette i ein skikkeleg skvis om ikkje noko blir gjort med ein gong.

Leiar i samferdsleutvalet, Oddbjørn Vatne, lovar ikkje noko umiddelbar løysing på problema. Men han opplyser at det allereie er dialog mellom fylkeskommunen og ferjeselskapet Norled.

– Vi er i ferd med å samrå oss for å sjå på dette. Det blir kontaktar mellom reiarlaget og fylkeskommunen.

Oddbjørn Vatne understrekar at det ikkje er mangel på vilje som er årsaka til problema, men at det handlar om mangel på pengar.

– Det er for lite pengar i systemet. Vi turte ikkje å setje inn ei ny ferje fordi vi ikkje har pengar til det.

Og han nyttar høvet til å sende ballen vidare til politikarane som sit i regjeringsposisjon og hevdar at det er meir pengar frå Staten som er løysinga.

– Høgreordføraren i Hareid bør ta kontakt med partifellane sine i regjeringa, seier Vatne. Dei har ikkje lagt to pinnar i kors for å skaffe meir pengar til fylkesvegane i Møre og Romsdal, seier Oddbjørn Vatne.

Ferjeselskapet Norled tek sitkte på at «Høgsfjord» skal gå i sambandet så lenge «Ullensvang» er ute av drift. Ifølgje kontrakten kan reserveferja gå i sambandet 21 dagar i løpet av eit kalenderår. Norled er, ifølge Inge Andre Utåker i Norled, forplikta til å ha ei tilgjengeleg reserveferje som tek 65 bilar. «Høgsfjord» har ein kapasitet på 76 bilar.

Høgsfjord

Det var trangt på «Høgsfjord» på avgangane onsdag formiddag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK