Hopp til innhold

Russen får politieskorte

Fleire 100 russ frå Møre og Romsdal reiser i helga til det store russetreffet på Lillehammer. Først i køen av russebilar køyrer politiet med blålys.

Politi

Politiet vil køyre først, for å få russen trygt til russetreff på Lillehammer.

Foto: Illustrasjonsfoto, Junge, Heiko / Scanpix

Politioverbetjent Norleif Jønland seier dei prioriterer russen fordi mange er unge sjåførar.

I samla flokk

Norleif Jønland

Norleif Jønland vil sørge for at russen kjem seg vel av garde til russetreff.

Foto: Synnøve Hole

Russ frå heile Møre og Romsdal er invitert til å køyre i samla flokk til landstreffet på Lillehammer for å unngå ulukker.

– Mange av dei som køyrer er nye førarar med ferske førarkort. Dei synest det er trygt at nokon er med første del av vegen. Så vi er med til Dombås, og så køyrer dei Gudbrandsdalen åleine, fortel politioverbetjent Norleif Jønland.

Les også:

Vegvesenet som siste bil

Statens Vegvesen i Ålesund var i fjor med russebil-kortesjen for første gang til Dovre.

Dei låg då med gule blinkande lys som siste bil i den lange rekka av russebilar på veg til Lillehammer.

Når fleire hundre russ herifrå igjen skal køyre Romsdalen og Gudbrandsadalen i helga,bidrar også Vegvesenet med sitt.

– Vi synest at når russen vil på tur, skal vi gjere det vi kan for at turen skal bli bra. Dei må få kose seg, og vi skal gjere det vi kan for å hjelpe dei, seier ho.

Klare råd

Politiet har klare trafikkråd for korleis russen skal oppføre seg når dei reiser til landstreffet på Lillehammer.

– Følg trafikken og følg trafikkreglane. Når dei er på tur må dei tenke på at dei har nokon heime som er veldig glade i dei, seier politioverbetjent Norleif Jønland til NRK.

– Så må dei ikkje bli for ivrige og festglade, men halde seg i ro i bilen og ikkje forstyrre føraren, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL