Hopp til innhold

- Sjølv om «alt er lov» bør ikkje alle bileta frå russefeiringa på internett

I russetida er «alt lov». Men å sjå bileta av krumspringa om fem år er gjerne ikkje fullt så kult. Datatilsynet oppmodar russen til nettvett.

Russetreff i Førde 2011

SÅRBAR: Ole Morten Knudsen i Datatilsynet oppmodar russen til å tenkje seg om to gonger før dei legg bilete frå feiringa ut på internett.

Foto: Simon Solheim/NRK

Fyll, fest og fanteri er heilt vanleg for russen i løpet av mai månad. Men å leggje ut bilete av alt som skjer på internett er gjerne ikkje så lurt for tida som kjem etter russetida.

- Vår erfaring er at mange ikkje tenkjer på følgjene når dei publiserer bilete for nettet. Dette er ei erfaring vi ønskjer å dele med russen, seier rådgjevar Ole Morten Knudsen i Datatilsynet.

www.slettmeg.no åtvarar Datatilsynet russen om å leggje ut utleverande bilete frå russefeiringa på nett.

Tida for å gjere «noko sprøtt»

Over heile landet er raude, blå og svartruss no i full gang med russefeiringa.

Dei skal markere at dei er ferdig med 12 og 13 år med skulegong, og for mange betyr det at ein ikkje nødvendigvis oppfører seg heilt som normalt.

Til dømes kan ein få knute i russelua om ein drikk ei kasse øl på 12 timar, eller har sex med ti personar i løpet av russetida.

- Ikkje legg ut alt på internett

Mykje av det som skjer i russetida vert også fanga opp med kamera. Bileta får så føter å gå på når dei vert lagde ut på internett.

Og det er kanskje ikkje så lurt for ettertida.

- Om ein ikkje ønskjer at bilete frå russefeiringa skal vere synlege for omverda om to, fem og ti år er det best å ikkje leggje dei ut på nettet, seier Knudsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Russ

FYLL OG FANTERI: Russetida er for mange ei tid for mykje tull og tøys.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Folk bør tenkje seg om

Og Knudsen får støtte frå mellom anna russepresidenten i Florø, Nikolai Belsvik. Han håpar folk tenkjer seg om to gonger før dei legg ut alle bileta på nett.

- Det verte teke mykje bilete på diverse russefestar, og det er klart ikkje alle bileta eignar seg for nettet. Eg både trur og forventar at folk tenkjer seg litt om, seier Belsvik til NRK.

«Ver-varsom-plakat»

Slettmeg.no er ei råd- og rettleiingsteneste for personar som kjenner seg krenka på nettet. Russ som vert utsette for personkrenkingar vert oppmoda om å ta kontakt.

Dei har også sett opp ein eigen «Ver-varsam-plakat» for russen:

  • Ikkje legg ut russebilete på nett utan samtykke frå personen/-ene som er fotografert
  • Respekter dei som ikkje vil bli eksponert på Internett
  • Vent med å leggje ut bilete på nettet til dagen etter
  • Ikkje legg ut bilete du trur svigermor ikkje vil sjå
  • Husk at dei mest minneverdige festane ofte er dei som ikkje vert dokumentert

- Russen er sårbar

Russepresident Nikolai i Florø
Foto: Privat

Knudsen seier ungdomane er spesielt sårbare i russetida.

- Viss ein for eksempel spring naken over ei bru for å få ein russeknute, kan andre ta bilete av det med mobilen. Slik det er i dag kan dette bilete med eit par tastetrykk vere på internett. Det er gjerne ikkje det luraste ein gjer, seier Knudsen.

Håpar det blir få «klager»

Belsvik håpar Datatilsynet slepp å bli nedringte av fortvilte russ som har funne uheldige bilete av seg sjølv på nettet.

- Ein kan gjere masse kjekke ting og kose seg i russetida, men tenk over kva konsekvensar det kan få å dele bileta frå absolutt alt på internett, seier Belsvik og legg til:

- Eg trur dei aller fleste skjønner at dei aller verste bileta ikkje skal ut på internett.