Dei to blei kjende med kvarandre gjennom ein kontakt-telefon. Politiadvokat Inger M. Ferstad meiner forledre bør følgje betre med i kva barna deira driv med.
Rømt frå foreldra
Den 13 år gamle jenta frå Trøndelag hadde rømt frå foreldra sine, og reiste med buss til sunnmørsmannen. Ifølgje 40-åringen var det hennar ide å ta turen nedover. På generelt grunnlag meiner altså politiet at foreldre bør vere meir på vakt overfor kva barna deira driv med på internett og telefon.
Det er iallefall viktig å prente inn i dei unge at dei ikkje bør treffe personane dei eventuelt blir kjende med på denne måten. Ferstad har inntrykk av at dei stadig oftare får slike saker på bordet.
Ikkje tvang
Jenta blei etterlyst av foreldra sine onsdagkvelden, og torsdagskvelden fann dei henne heime hos mannen. Politiet har ikkje inntrykk av at det har vore tvang inne i biletet, men ser likevel svært alvorleg på saka.