Hopp til innhold

Mann med demens skal ha døydd etter å ha ete snus

Politiet og Statens helsetilsyn er varsla etter at ein eldre mann på institusjon skal ha omkome etter å ha fått i seg snus. Ingen veit kvar snusen kom frå.

Politihuset i Ålesund

Politiet etterforskar saka for å finne ut kva som førte til at ein mann med demens fekk tak i ein snusboks.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var sist onsdag den 85 år gamle mannen med demens skal ha fått i seg snus. Etter kort tid døydde han på sjukehuset i Molde.

– Vi har dessverre hatt ei alvorleg hending som førte til dødsfall ved Sunndal helsetun, skriv kommunalsjef Randi Dyrnes til avisa Driva, som omtalte saka først.

– Det er ei tragisk sak. Mannen hadde sterk demens og visste ikkje kva han putta i munnen, seier sonen, Ivar Romundstad til NRK.

Ifølgje Aura Avis blei mannen funnen på golvet på Sunndal helsetun der han budde, og ein annan pasient skal ha varsla dei tilsette.

Ivar Romundstad

Ivar Romundstad seier det er tragisk at faren ikkje lever lenger. Han skal ha blitt forgifta etter å ha fått i seg snus.

Foto: privat

Uklart kvar snusen kom frå

Ivar Romundstad seier faren ikkje brukte snus, og at han ikkje er kjent med at nokon av dei andre pasientane gjorde det, heller. Så langt skal ingen av dei tilsette ha vedkjent å eige snusboksen, og det er uklart om besøkande kan ha tatt den med inn på institusjonen.

Det er noko av det politiet no etterforskar. Det stadfestar lensmann Hallvard Vermøy.

– Det er viktig å finne ut korleis dette kunne skje, og om det nokon som har vore aktlause, seier han.

Hallvard Vermøy

Lensmann Hallvard Vermøy seier dei kjem til å avhøyre fleire av dei tilsette.

Foto: Aina Rødal / NRK

Døydde etter kort tid

Romundstad seier han fekk beskjed av legane at faren neppe kom til å overleve, og han døydde den samme dagen.

– Eg hadde ikkje drøymt om at noko slikt skulle skje, det er veldig trist, seier han.

Den 85 år gamle faren blir gravlagd seinare denne veka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL