Hopp til innhold

«Polarstar» heim til Brandal

Kaia i Brandal var full av folk då ishavsskuta endeleg kom heim igjen til selfangsthovudstaden på Sunnmøre.

Polarstar, Brandal

Den restaurerte ishavsskuta «Polarstar» har lagt til kai i Brandal, etter å ha vore restaurert i tre år og åtte månader.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I Brandal i Hareid går flagga til topps, og det var venta fullt av folk på kaia når ishavsskuta «Polarstar» skulle få kome heim.

Vebjørn Landmark, museumsstyrar, Ishavsmuseet i Brandal

Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet Aarvak meiner det er all grunn til å feire når «Polarstar» kjem heim.

Foto: Øyvind B. Sæbjørnsen / NRK

– Dette er ein festdag for ishavsbygda. Endeleg kjem «Polarstar» heim, etter mange år med restaurering, seier museumsstyrar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet Aarvak.

Han omtaler «Polarstar» som ei fantastisk skute:

– Skuta vart eit symbol på den moderne selfangsten etter andre verdskrig.

Brandal vart selfangsthovudstaden på Sunnmøre. Det vaks tidleg fram eit stort miljø her før dei andre bygdene og Ålesund kom etter, seier Landmark.

Polarstar

Her blir Herman Bakke, som var med på skuta sin første ferd til Newfoundland i 1949, tatt i mot av folkemengda ved kaia i Brandal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ein rørt eigar på dekk

Willy Nesset, er ein som har engasjert seg mykje for å restaurere «Polarstar». Han er også eigar av skuta. I dag er han tydeleg rørt over at skuta endeleg skulle få kome heim til Brandal.

Willy Nesset

Stolt eigar og pådrivar for restaurering av «Polarstar», Willy Nesset.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Akkurat no er det sterkt. Eg er nesten ikkje i stand til å prate.

–​ Eg er glad i bygda mi, folket og kulturen, og det er dette her som er oss. Det er dette som er vår kultur. Når skuta var i ferd med å ryke måtte vi ta tak. Heldigvis fekk vi tatt dei nødvendige grepa og berga skuta, fortel Nesset.

Nesset fekk tak i skuta i 2008, og vegen til å få «Polarstar» heim til Brandal har vore lang.

– Sidan vi fekk tak i skuta blei det litt att og fram før vi bestemte oss til å gå til Polen i 2013. Der har vi heldt på fram til no. Det tok tre år og åtte månader.

– Dette betyr alt. Absolutt alt. Det er heilt vanvettig. Det har vore verdt alt strevet. Det har kosta mykje, men pengar drit vi i, i dag. I dag er det berre glede over å få kome heim igjen, seier Nesset.

Polarstar, Brandal

Kaia i Brandal då «Polarstar» la til kai.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK