Hopp til innhold

Pilene peikar oppover for kommunane

2016 var eit godt år økonomisk for kommunane, og fleire kommunar i Møre og Romsdal har levert eit sterkt resultat.

Molde kommune

Molde kommune hadde det beste resultatet på 10 år i 2016.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Det har vore feira med kakeeting i fleire rådhus den siste veka. 2016-resultatet i Molde er det beste på 10 år, og fleire kommunar i Møre og Romsdal er på veg ut av den såkalla Robek-lista over kommunar som er underlagt statleg kontroll med økonomien.

– 2016 var eit godt år med tanke på skatteinntektene. I tillegg jobba kommunane godt med å halde driftsutgiftene sine nede og dei heldt budsjettet sitt forklarer Sissel Hol hos Fylkesmannen.

– Omstilling gir resultat

Møre og Romsdal har i periodar vore blant verstingene når det gjeld kommuneøkonomi, ikkje minst har gjelda vore høg.

Også leiaren for rådmannsutvalet i Møre og Romsdal, Rune Sjurgard, peikar på at skatteinntektene har vore høgare enn venta, men han meiner også at kommunane sjølv har gjort ein god jobb.

– Ja, det vil eg seie. Kommunane har jobba over tid med omstilling. Dei har jobba godt jamt over, og då får ein også resultat.

Han peikar også på at det er bygd opp mykje god økonomikompetanse i kommunane, med folk som har god oversikt over økonomien og som er flinke til å styre den.

– Det sentrale er kompetanse, god leiing og godt samarbeid mellom politikarar og administrasjon.

Den frykta Robek-lista

Når strikken ryk ventar Robek-lista over kommunar som er underlagt statleg kontroll med økonomien. Det legg sterke avgrensingar på moglegheita til å ta opp lån. No peikar pilene derimot oppover, og talet på kommunar i Møre og Romsdal på denne lista ligg an til å bli halvert.

– Vi følgjer ekstra godt med på kommunane når dei har kome på Robek, og så har vi ein god dialog med kommunane, seier Sissel Hol hos Fylkesmannen.