NRK Meny
Normal

Pengar til Keiko-minnet

Formannskapet i Halsa vil bruke 13 000 kroner på å leige og vedlikehalde staden der spekkhoggaren Keiko er gravlagd.

Keiko i Taknesbukta

Keiko og trenaren Thorbjörg Valdis Kristjansdottir i Taknesbukta, juli 2003.

Foto: JOHN MCCONNICO / AP

Keiko var kvalen som blei verdskjend etter å ha hatt hovudrolla i "Free Willy"-filmane. I 2002 blei han etter fleire år på Island sleppt fri, og sette då kursen rett mot Noreg og Skålvikfjorden i Halsa på Nordmøre.

Etter å ha opphalde seg der eit års tid døydde han, truleg av lungebetennelse.

Gravrøysa over Keiko, januar 2004

Gravrøysa over Keiko, januar 2004.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Tidlegare ordførar Ivar Betten er glad for vedtaket. - Neste år får vi gjere ei evaluering og eventuelt få med oss dei i næringslivet som har med reiseliv å gjere slik at vi kan ta vare på minnet om Keiko. Enno er det mange turistar som vil besøkje grava, og vi bør vurdere å frede området, seier Betten.