Denne saka er blitt oppdatert med kommentarar frå pastor Hans Reite.
Hans Reite er pastor i kyrkjelyden Nytt Livs Senter i Ørsta. I eit flammande innlegg i lokalavisa Møre tek han skarp avstand frå planane om ein pride-parade i Volda i mai 2018.
– Dei homofile og lesbiske må få drive med det dei vil i det skjulte, men kvifor skal dei stå fram med parade for å profilere levesettet sitt, spør pastoren i innlegget sitt.
– Skapt av synda
Pastoren følgjer opp med å spørje om dei homofile vil kapre ungdom frå Volda. Han viser til at ungdom står framfor viktige val for livet og at reklame og påverknad kan føre ungdom i feil retning.
– Ingen er skapt som homofil eller lesbisk. Dette vert skapt av synda, miljø og påverknad. Det har vorte ein trend som bør stoppast. Difor er vi imot denne paraden og at kommunen bevilgar pengar, skriv Reite.
Hans Reite er pastor i kyrkjelyden Nytt Livs Senter i Ørsta.
Foto: Andreas Veggeland / NRK– Min gud er mindre fordomsfull
Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) er frå Dalsfjorden i Volda, og ein trufast lesar av lokalavisa Møre. Dermed har han fått med seg fleire innlegg frå pastoren. Og Dale meiner at Reite dømmer dei som vel å leve på ein annan måte enn han sjølv.
– No var det på høg tid å ta til motmæle. Både religionsfridom og ytringsfridomen tillèt at Reite går ut på denne måten. Man han kan ikkje forvente at ingen tek til motmæle. Pastoren gjer seg til talsmann for han som også er min gud. Min gud er mindre fordomsfull enn Hans Reite sin. Det tykkjer eg er rart når vi har den same.
Hans Reite skriv at det ville vere trist om Volda går i bresjen med å innføre pride-parade på landsbygda. Han viser til den stolte kulturtradisjonen i Volda og omtalar prideparadane som eit storbyfenomen. Han fryktar for kva som vil skje om det blir arrangert ein slik parade i Volda.
– Det kan kalle ned forbanning over bygdene slik det gjorde over Sodoma og Gomorra i oldtida, skriv Reite. Han legg til at homofilt levesett er motbydeleg for Gud og at han vil straffe det.
– Brukar Herren i fordøming
Jon Georg Dale kallar utspelet til Reite for fordomsfullt og ei urettvis behandling av medmenneske.
– Han tek vår felles tru på Herren inn i ei fordømming av dei som vel å leve annleis enn han sjølv gjer. Eg er også oppvaksen i ein kristen heim, eg høyrer til i den kristne trua, seier Dale.
– Burde heller vere landbruksminister
Reite seier til NRK at han har studert Bibelen i 45 år og synest Dale heller kan halde seg til å vere landbruksminister.
– Han har ikkje like stor greie på Bibelen som det eg har. Eg har fått mange støtteerklæringar.
Han ser utviklinga i dag og er redd velsigninga blir tatt bort når ein forlet Gud. Han visste at han ville få motstand då han skreiv innlegget, men meiner at det er hans ansvar som Guds tenar å forkynne kva Bibelen seier, ikkje kva folk vil høyre.
– No er det 500 år sidan Luther hengte opp tesene. No treng vi ein ny reformasjon. Kyrkja har gitt etter for den nye homolovgivinga. Det er alvorleg når ein går imot Guds ord, seier han.