Hopp til innhold

21 personar innlagt med korona på sjukehusa i Møre og Romsdal

Sjukehuset i Ålesund har så mange koronapasientar innlagde at dei må sende andre intensivpasientar til Molde.

Ålesund sjukehus

Det er så fullt på intensivavdelinga i Ålesund at pasientar no blir sendt til Molde.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

21 personar er no innlagde med covid-19 på sjukehusa i Møre og Romsdal. Dette er ny rekord.

– Fleirtalet er uvaksinerte og mange av dei blir så sjuke at dei må på respirator, seier sjukehusdirektør Øyvind Bakke.

Dei fleste koronapasientane ligg i Ålesund. Der er intensivavdelinga no så full, både av koronapasientar og andre sjuke, at ein må sende pasientar til intensivavdelinga i Molde.

– Ta vaksinen

Bakke meiner at alle som ikkje har medisinske årsaker til å ikkje vaksinere seg, bør ta vaksinen. Han fryktar at det blir endå fleire sjukehusinnleggingar framover, fordi ein ser at smitten aukar.

Øyvind Bakke, administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal.

Øyvind Bakke er adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / nrk

Så langt går planlagde operasjonar og behandlingar som normalt, men for helsearbeidarane er situasjonen krevjande. Ein av sengepostane er no innreidd berre til koronapasientar.

– Dei som ligg på intensiven er ressurskrevjande og det krev mykje av våre tilsette fordi dei må jobbe ein del ekstravakter og overtid, seier Bakke. Den yngste innlagte måndag er rundt 30 år, medan den eldste er rundt 90 år. Gjennomsnittsalderen er på 65,8 år.

I heile landet er 295 koronasmitta pasientar innlagt på sjukehus, viser tal frå Helsedirektoratet. Det er 33 fleire enn på fredag, då tala sist blei oppdatert.

Ombestemmer seg

Etter eit smitteutbrot i Ørsta ser kommunen at fleire uvaksinerte no har ombestemt seg og likevel vil ha vaksine.

– Dei har vore skeptiske frå start, men no ynskjer dei vaksine, seier kommuneoverlege Marthe Vaage Øie.

Det same ser Kristiansund kommune. Der er kommuneoverlege Askill Sandvik bekymra over dei høge innleggingstala.

– Vi har fått eit tilsig av folk som vil ta førstegongsvaksine, så det kan verke som at nokon begynner å forstå alvoret, seier Sandvik.

Krev gult nivå for barna

Skolenes landsforbund krev at trafikklysmodellen i skular og barnehagar kjem tilbake og ber om gult nivå som standard over hele landet.

Lokalleiar i Ålesund, Christian Holstad Lilleng, viser til at smitten i barnehagar og skular spreier seg raskt, og at det ikkje er nokon grunn til å vente med å sette på bremsene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL