Hopp til innhold

Ber folk i Herøy ta kontakt

I samband med vidare smittesporing knytt til påvist covid-19-smitte etter eit religiøst arrangement i Herøy måndag og tysdag førre veke ser kommuneoverlegen det som naudsynt å gå ut med spesifikk informasjon til dei som har:

Delteke på eit arrangement torsdag kveld, 18.11, ved bedehuset i Tjørvåg.
Vore innom Herøy legesenter i tidsrommet frå kl. 10.30 – 12.00, fredag 19.11.

Dei det gjeld, skal ta kontakt med testteamet på tlf. 948 13 641 for å få tid til testing og nærmare rettleiing.

Smittesporinga har nemleg avdekt at fleire av dei som har testa positivt har vore ute i det «offentlege rom» før dei fekk påvist covid-19.

Ulstein kommune har i løpet av helga fått melding om to nye smittetilfelle. Begge har samanheng med utbrotet i Herøy. Det går føre seg testing blant nærkontaktar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL