Hopp til innhold

– Ville ikkje innrømme at Einar var sjuk

Først då hjelpemidla kom i hus, ville Vigdis Nerland erkjenne at mannen Einar hadde Parkinson. I helga har Parkinsonforeininga invitert til samling i Molde der pårørande er i fokus.

Vigdis og Einar Nerland

Livet til Vigdis og Einar Nerland vart brått snudd på hovudet då han fekk Parkinson.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Snart sju år er gått sidan Einar Nerland frå Vistdal var på veg til jobb med ei intens hovudpine. Då han skulle logge inn på datamaskina ville ikkje fingrane lystre. Nerland gjekk til kona sitt kontor og fekk ho til å ringe fastlegen. Før Einar kom dit hadde fastlegen allereie ringt til sjukehuset og sagt at han kom.

– Dei trudde eg hadde hjerneslag. Eit team av legar og sjukepleiarar stod klare, fortel Nerland. Han forstod at han var alvorleg sjuk.

Parkinsonsamling

I helga vert det arrangert samling i regi av Parkinsonforeininga i Romsdal, der fokuset er på dei pårørande.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Opptrening hjelpte ikkje

Etter ei veke på sjukehuset vart det konkludert med at han hadde ein lite blodpropp i hjernen. I fleire månader fekk han opptrening hos logoped, fysioterapeut og synspedagog, men det hjelpte ikkje. Venstresida av kroppen ville framleis ikkje samarbeide.

– Det var tøft då nevrologen oppdaga at det var Parkinson. Som dei fleste andre visste eg lite om sjukdomen, seier Nerland.

LES OGSÅ:

Meir enn skjelvingar

Han seier at mange ser for seg ein gamal mann med skjelvingar når dei tenkjer på Parkinson. Nerland understrekar at sjukdomen er så mykje meir enn det. For Einar Nerland er det stivheita i kroppen som er aller mest plagsam, i tillegg til at korttidsminnet har blitt dårleg.

Litt over ein av tusen vert råka av sjukdomen Parkinson. Symptoma kan arte seg ulikt, men skjelvingar er det mest dominerande. Stive og langsomme rørsler og dårleg balanse er også typisk.

Ville ikkje innrømme det

For kona Vigdis var det også tøft når den aktive mannen hennar, som både deltok på Birkebeinerrennet og maraton, brått vart sjuk. Men ho ville ikkje erkjenne det først.

– Eg hadde ein fase der eg nekta for at han var sjuk. Han var jo ikkje mykje annleis enn han brukte å vere. Ikkje før hjelpemidla kom i hus, innsåg eg det, fortel Vigdis Nerland.

Heile familien vert råka

Leif Klokkerhaug

Leif Klokkerhaug er leiar i Møre og Romsdal Parkinsonforening og han seier at heile familien vert råka når ein pasient får diagnosen Parkinson.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Samlinga som parkinsonforeininga i Romsdal i helga har invitert til, handlar vel så mykje om dei pårørande som pasientane. Leif Klokkerhaug er leiar i Møre og Romsdal Parkinsonforening og seier at dei pårørande har ein heilt spesiell situasjon.

– Når ein pasient får diagnosen, vert heile familien råka, seier Klokkerhaug.

Unngå stress

Det har Vigdis fått merke. Etter at mannen vart sjuk, har ho måtte overtatt mykje av hans oppgåver i kvardagen. Og fordi kortidshukommelsen hans er dårleg, er det viktig at ho er til stades.

– Vi plar seie at vi har eit husspøkelse, for Einar finn ikkje brillene, telefonen og nøklane, seier Vigdis. Ho har lært seg at dei må unngå stressande situasjonar.

Umisteleg

Den første tida etter at han fekk diagnosen, jobba Einar Nerland deltid og fekk god tilrettelegging frå arbeidsgivaren. Men etter kvart kravde sjukdomen meir og meir og Einar måtte innsjå at yrkeskarrieren hans var slutt. Han har valt å heller gjere ein innsats for frivillig arbeid og bruke tid på hobbyar. At han har kona Vigdis saman med seg er han heilt avhengig av.

– Ho er umisteleg. Og ho er nesten ein tankelesar. Er det noko eg treng hjelp til, er ho der før eg har fått spurt, seier Einar Nerland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL