Hopp til innhold

Derfor er vi redde for ufarlege ting

Krypdyr og insekt er langt frå dei største truslane vi har rundt oss. Likevel er det mange som fryktar desse små skapningane.

Kornsnokar

Mange er redde for ulike typar slangar og krypdyr sjølv om risikoen for å bli skada av slike dyr er veldig liten.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Medievitar Elisabeth Staksrud meiner at media må ta mykje av skylda for at folk er redde for ting som er relativt ufarlege.

– Vår oppfatning av kva som inneber risiko er både unøyaktig og ofte også direkte feil i forhold til kva som faktisk er farleg. Det er ikkje uvanleg at folk brukar mykje krefter på å vere redde for ting som inneber liten risiko, som til dømes det å vere redd for hai når ein badar, forklarar ho.

Elisabeth Staksrud

Medievitar Elisabeth Staksrud meiner media har mykje av ansvaret for at folk er redde for ganske ufarlege ting.

Foto: UiO

LES OGSÅ:

Lettere redd for ekle kryp

Kakerlakken krøp inn i øret

Medievitaren meiner at media i stor grad er med på å bestemme kva vi er redde for. På 60-talet, for eksempel, var mange redde for kvikksand. Då var det kvikksand i 1 av 3 hollywoodfilmar, medan andre ting er langt lenger framme i pannebrasken til folk flest i dag.

–I dag er det mykje fokus på miljøtrugselen i diverse media og difor er dette noko folk fryktar. Vist vi, for eksempel, går tilbake til 80-talet, var det langt vanlegare å vere redde for atombomber, seier Staksrud.

Vil ikkje ta ansvar for å skremme folk

Det er lett å finne skremmande titlar på nettet. Om du gjer eit kjapt googlesøk kan du blant anna finne følgjande titlar:

«Dette har ført til panikk allerede»

«Griseører, pølserebus og hundedop mot panikkangst»

«Pass deg for de falske appene»

Desse titlane er henta frå Dagbladet. Sjefredaktør i Dagbladet, John Arne Markussen, vil ikkje gå med på at hans journalistar bevist spelar på frykt. Han ville heller ikkje ta seg tid til å vere med på eit intervju om emnet.

HØYR RADIOSAKA HER:

Materialisme skaper angst

Grethe Nordhelle

Grethe Nordhelle meiner aukande materialisme skaper eit meir angstfylt samfunn.

Foto: Gyldendal

Psykolog Grethe Nordhelle seier at det er angsten som slår inn når ein er redd for ting som vi eigentleg ikkje treng å vere redd for. Og ho meiner at det er mykje angst knytt til materielle ting i vårt samfunn.

Folk som går rundt og uroar seg for at dei ikkje skal tene nok pengar eller at huset skal brenne ned, kan, om dei ikkje klarar å slappe av, begynne å slite med angst, forklarar Nordhelle.

Ho anbefaler folk å jobbe for å ha eit godt nettverk av gode venar, sørge for å unngå for stor risiko ved for eksempel å ha gode forsikringar og å prøve å realisere seg sjølv på andre områder enn dei reint materialistiske.

Den gode frykta

Grethe Nordhelle understrekar at det også kan kome gode ting ut av ein viss porsjon med frykt.

– Frykt er ein naturleg sans som kan fungere som ei rettesnor. Ein held seg unna angst ved å gjere seg bevist på kva som er farleg og kva som ikkje er det. Og om ein tolkar redselssignala rett kan det også føre til at folk vert mindre egoistiske og meir givande som personar.

LES OGSÅ:

Norske kvinner frykter disse!

– Det er lett å google seg syk

Edderkopp

Ein hårete edderkopp er det skumlaste mange kan tenkje seg ...

Foto: ScandinavianStockphoto