– Kor langt innover i landet finst han? Finst han i Valle for eksempel? Det hadde vore kjempeinteressant å vite!
Beate Strøm Johansen er zoolog ved Naturmuseum og botaniske hage ved Universitetet i Agder.
No vil ho ha hjelp til å kartlegge slettsnoken.
- Beate Strøm Johansen var nyleg gjest i vår radiosending. Heile intervjuet kan du høyre her:
Vil ha fleire prikkar
Slettsnoken er observert frå kysten av Østfold til Stavanger. Men det er sjeldan nokon har sett han innover i landet.
– Det ligg ein prikk ved Fånefjell og nokre prikkar i Byglandsfjord. Og ein prikk oppe ved Ose, men meir enn det veit vi ikkje, seier Beate Strøm Johansen.
ZOOLOG: Beate Strøm Johansen
Foto: Kai Stokkeland / NRKOg med prikk meiner ho observasjonar som er registrerte på artskart.no.
No vil ho at folk som ser slettsnoken sender henne ein e-post med bilete slik at ho kan registrere fleire prikkar.
– Når du har ein vaksen slettsnok ein stad, så er det ein bestand. Det er jo fleire der.
Målet med kartlegginga er å få meir informasjon om ein art vi i grunnen veit lite om.
– Vi er eit bitte lite slettsnok-miljø på tre personar som kartlegg tre område, og følger dei same individa år etter år, fortel Beate Strøm Johansen.
KART: På artskart kan du sjå utbreiinga av slettsnok langs kysten av Noreg.
Foto: Skjermdump/ArtskartSmå, spisse tenner
Slettsnoken er ein av tre slangar som finst i Noreg.
Dei fleste har nok høyrt om hoggorm og buorm, men slettsnoken er langt mindre kjend.
Slangen er brun, liten og slank, med to og to mørkebrune prikkar nedover kroppen.
AU! Slettsnoken har mange små spisse tenner.
Foto: Kai Stokkeland / NRKVed første augekast kan han minne om ein hoggorm, men til forskjell frå artsfrenden sin, er slettsnoken ikkje giftig.
Men bit – det gjer han.
– Sjølvsagt kan han bite! Den har mange små, spisse tenner, fortel Johansen.
Har du sett slettsnok?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Ho tek ofte i slangane gjennom jobben. Då blir ho titt og ofte biten.
– Korleis kjennest det ut?
– Det er jo mindre ille enn å bli biten av ein kattunge. Men det er jo veldig spisse, små tenner som sit i seks rader inni munnen. Og dei tennene peikar bakover.
– Seier du då au, eller skrik du, eller kva gjer du?
– Det hender eg banner litt, altså. I går var det ein som beit seg skikkeleg hardt fast i veslefingeren min, og det er klart at det gjer litt vondt.
Raudlista
Slettsnoken er raudlista som nær trua i Noreg. Forskaren trur at arten kan hamne inn under ein strengare trua kategori neste gong lista skal reviderast.
Nedbygging og klimaendringar er to årsaker til at bestanden blir mindre.
– Når vinteren blir fuktigare vekslar det mellom berrfrost, veldig sterke kuldeperiodar, og så plutseleg mykje regn. Då kan det regne ned i overvintringsområdet, og så kan det plutseleg fryse på igjen. Vi ser no ein nedgang i kjente vaksne individ.
Beate Strøm Johansen peikar på at Kristiansand har bygd ned natur i fleire skogsområde der slettsnoken held til, som for eksempel Kroodden og E 39-utbygginga.
– Du kan sjå på nedbygde område også som eit mål på at det heilt sikkert blir ein bestandsnedgang, seier ho.