Hopp til innhold

Leverte inn påkøyrd «katt» – biologen blei overraska då ho såg dyret

HAREID (NRK): Bente Elvebu etterlyste eigaren av det ho trudde var ein daud katt. Seinare ringde veterinærkontoret med ein kontrabeskjed.

Fann død "katt"

Bente Elvebu etterlyste ville finne eigaren til det ho trudde var ein død katt. Det viste seg å ikkje vere nødvendig.

Foto: Skjermdump

Då Bente Elvebu køyrde søstera til jobb fekk ho auge på ein blodig pose i vegkanten. På veg tilbake bestemde ho seg for å gjere noko.

– Eg tenkte, nei stakkars den som eig den katten, dei skal sleppe å komme å sjå den her.

Bente Elvenu frå Hareid, leverte inn det ho trodde var ein påkøyrd katt, men som viste seg å være noko anna.

DYREVEN: Bente Elvebu frå Hareid trudde det var ein katt ho fann i vegkanten.

Foto: Privat

Bente parkerte bilen, og tok ein rask titt i posen, før ho la den i bagasjerommet.

– Eg kika så vidt nedi, der såg eg ein snute og noko pels, seier ho.

Bente tenkte at det var ein brun, spraglete katt. Men ho reagerte på vekta til dyret.

– Steike så tung han var, eg trudde det var ein stor hannkatt, seier ho.

Leverte dyret til veterinær

Bente leverte katten til Veterinærkontoret i Ulsteinvik, og spurte om ikkje dei kunne sjekke om den hadde chip, elektronisk ID-brikke.

Som den dyrevenen Bente er, la ho ut eit innlegg i Facebookgruppa «sakna å etterlatne dyr i Ulsteinvik/Hareid.» Så fort ho kom heim, ringde dei frå kontoret.

– Så da tenkte eg at dei ikkje hadde funne nokon chip, og berre ville gje beskjed, seier Bente.

Telefonsamtalen blei hakket meir overraskande ein det ho hadde sett for seg.

For det var ikkje ein katt Bente hadde funne, det var ein oter.

– Kva for noko, sa eg, ein oter? Eg trudde ikkje mine eigne øyrer, fortel Bente.

Oter

Tung hannkatt, eller noko anna?

Foto: NRK

Engasjerte mange

I staden for å ta vekk Facebook-innlegget så skreiv Bente at det var ein oter, dyret ho fann.

– Eg trur det var veldig mange som fekk seg ein liten latter i går, det er typisk meg å komme opp i slike situasjonar, seier ho og ler.

Savnede å etterlatte dyr Ulsteinvik/Hareid

Det var assistent og biolog Olaug Fuglseth som skulle sjekke dyret i posen. Ho blei overraska då ho opna den, og såg fort at det ikkje var ein katt.

– Den hadde svømmehud blant anna, eg såg det ganske fort. Då måtte eg gje beskjed med ein gong at ho ikkje trong leite etter eigaren, seier Fuglseth.

Olaug Fuglseth, assistent og biolog

Biolog Olaug Fuglseth synest det var litt morosamt at det viste seg at å vere ein oter ho skulle undersøke, og ikkje ein katt.

Foto: Veterinærkontoret i Ulsteinvik

Så ringde ho viltnemnda, for det er dei som skal få beskjed om døde otre.

Klinikkleiar Henriette Wiik Larsen seier dei får inn mange katter dei må sjekke chipen på, men det er fyrste gong dei får inn ein oter.

Ho oppfordrar dei som er så uheldige at dei køyrer på eit vilt dyr til å kontakte viltnemnda eller politiet.

Oppdatert: Personen som har køyrt over oteren har innrømt dette i et svar til Bente sitt innlegg på Facebook. Dyret blei ifølgje svaret lagt i ein pose og låg klart til politiet, som skulle organisere henting.

Hei!

Har du noe på hjertet eller tips du mener vi i NRK Møre og Romsdal burde se på?

Send meg en e-post. 

Les gjerne saken jeg skrev om julelysa som skaper debatt, eller øykommunen uten ett eneste koronatilfelle.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL