Hopp til innhold

Slik gjekk det då kyrkja skulle henge opp julehjarte

ÅLESUND (NRK): Då Volsdalen kirke skulle pynte til jul, gjekk det ikkje heilt som planlagt. Og då det skulle rettast opp i blei det endå verre.

Julepynt Volsdal kirke.

SKAPAR FORVIRRING: Slik såg julepynten på taket ut torsdag kveld.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Lite visste dei frivillige i Volsdalen kirke kva som venta då dei bestemte seg for å pynte kyrkja til jul. Julepynten har nemleg skapt diskusjon i Ålesund. For kva ser det ut som?

Richard von Løwensprung.

HJERNEN BAK: Richard von Løwensprung er mannen bak julelysa på kyrkjetaket.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Julepyntinga som gjekk gale

Richard von Løwensprung er nestleiar i soknerådet, og den kreative hjernen bak årets julelys på taket av kyrkja, som no har skapt debatt i ei Facebookgruppe for ålesundarar.

Lyslenkene blei monterte på bremserøyr tysdag kveld, og enn så lenge var det berre velstand.

Så skulle lyset hengast opp med tau på det flate, store taket på den naustforma kyrkja like utanfor Ålesund sentrum.

– Det skulle sjå ut som eit hjarte, men tyngdekrafta gjorde at det smelta saman, seier Løwensprung.

Montering av juelys på Volsdalen kirke

KLATRAR: Ein klatrar måtte hjelpe Løwensprung med å tilpasse taua på toppen av taket.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Leigde inn fjellklatrar

Torsdag tok Løwensprung atter ein gong fatt på å justere julepynten, og han hadde trua på at det skulle gå betre denne gongen.

– Det såg veldig fint ut då vi heldt på oppe på taket, men så kom vi opp på vegen og såg at det var blitt verre enn det var før, seier han.

Sidan lysa er knytte fast i taket med tau, fekk Løwensprung hjelp av ein klatrar.

– Han får ikkje betalt for dette, men vi har lova han ei gratis gravferd om han skulle ramle ned, ler Løwensprung.

I etterpåklokskapens lys har han fått mange gode idéar om korleis det burde ha vore gjort.

Tingenes tilstand.

UNDER ARBEID: Slik ser julelysa ut torsdag kveld, etter at taua har blitt justerte.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Enormt julelyssalg etter Høies oppfordring: Her har de pyntet i 14 dager

– Ser ut som Satan

Lysa vekte stort engasjement i Facebookgruppa «Ålesund - byen i mitt hjarte» etter at nabo Bjørn Eilertsen delte eit bilde. Han blei bevisst på julepynten etter at bonusdottera hans Iben-Olivia på 5 år sa det så ut som et hjarte.

Debatten raser i Facebook-gruppa

– Eg synest det såg ut som noko anna, seier Bjørn.

– Eg sa til sambuaren min at det ser ut som Satan, men ho bad meg moderere meg litt. Det er no trass alt ei kyrkje, seier han.

Folket har engasjert seg og diskuterer ivrig om det skal sjå ut som eit nisseskjegg, ein engel eller djevelen sjølv.

Løwensprung tar diskusjonen på Facebookgruppa med godt humør.

– Folk treng noko å snakke om, og det er berre kjekt at det vekker engasjement.

Bjørn Eilertsen utfordrar kyrkjegjengen til å skape ein ny figur kvar dag i adventstida.

– Vi kunne no gått for ei ny form kvar dag, men då måtte det ha vore endå betre planlagt. Og dette var ikkje planlagt i det heile tatt, seier Løwensprung.

Om det vil sjå ut som eit hjarte til slutt står att å sjå.

– Ein er aldri betre enn si siste førestilling, så eg kan ikkje la det bli med dette, seier Løwensprung.

Oppdatering fredag kveld

Fredag kveld kom det inn fleire meldingar frå Volsdalen i Ålesund. Noko nytt har skjedd på taket av Volsdalen kirke. Lysfiguren har fått hjarteform. Så blei det altså jul allikevel.

Voldsdalen kyrkje

Slik var det meininga at det skulle bli. Og slik blei det. Dette biletet er teke fredag kveld.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL