To reir med måkeungar blei laurdag fjerna frå taket til ei bilforretning på Tunga i Trondheim.
Fire av måkeungane var døde. Éin låg på ryggen og kjempa for livet då den vart funnen, men overlevde ikkje.
– Det er grufullt. Det er vanskeleg å finne ord. Å gå laus på forsvarslause dyreungar – det kan nesten ikkje bli verre, seier Jenny Rolness, leiar i Dyrenes rett.
Ho vart kontakta av avisa Nidaros, som omtalte saka først.
– Alt tyder på at det har vore menneske på ferde, og at måkeungane har blitt utsett for ei valdeleg handling, seier Rolness.
– Tydeleg at det ikkje er ei ulukke
Ho fortel at taket ikkje er særleg høgt, og at måkeungane ville ha overlevd fallet.
– Dei ber preg av å ha blitt trakka på eller slått i hel. Det er opprørande å sjå at dyr blir så lite respektert, meiner Rolness.
– Det såg veldig stygt ut. Det er så tydeleg at dette ikkje er ei ulukke, seier Marina Kovrigina, som var på staden søndag, etter tips frå Rolness.
Kovrigina kjem frå Russland, men har budd i Trondheim i 20 år.
– Måker er freda. Dette er eit stygt lovbrot. Eg synest det burde ende med fengselsstraff, seier Kovrigina opprørt.
Kovrigina startar å gråte når ho fortel NRK om dei døde måkeungane. Det er tydeleg at engasjementet hennar for dyrevelferd er sterkt.
MATAR MÅKER: Russiske Marina Kovrigina er svært engasjert i dyrevelferd. Ho kallar mishandlinga av måkeungar i Trondheim for eit stygt lovbrot.
Foto: PrivatMelder saka til politiet
Dyrenes rett har meldt saka til politiet. Det same gjer dyrerettigheitsorganisasjonen NOAH.
– Det er fælt å sjå at fugleungar har lidd og døydd. Vi er nøydde til å få større aksept for måker, seier Siri Martinsen, veterinær og leiar i NOAH.
Håkon Thoresen i Trøndelag politidistrikt si miljøkrimgruppe bekreftar at saka er meldt, og at etterforsking har starta.
– FÆLT: – Det er fælt å sjå at fugleungar har lidd og døydd. Vi er nøydde til å få større aksept for måker, seier Siri Martinsen, veterinær og leiar i NOAH.
Foto: Robert Hansen / NRKI fjor sommar blei ei måke funnen limt fast i bakken på Sortland i Vesterålen. NOAH lovde då ut dusør for å oppklare saka. Det gjer dei i enkelte saker med dyremishandling der gjerningspersonane er ukjende.
– Eg håpar politiet tek saka på alvor. Øydelegging av egg frå raudlista måkeartar har ført til bøter på 10.000 kroner. Det bør bli ein strengare reaksjon når handlinga har ramma fugleungar, meiner Rolness.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Naturvernrådgjevar: – La måkene vere i fred!
Dei døde måkeungane var fiskemåker. Dei er freda. Arten er raudlista og rekna som truga.
Bestanden har gått mykje tilbake, særleg i ytre kyst på Vestlandet.
Martin Eggen, naturvernrådgjevar i Norsk Ornitologisk Forening (NOF) har sett bileta av dei døde måkeungane.
– UFORSTÅELEG: – At folk vel å bryte lova på den måten er ganske uforståeleg, seier naturvernrådgjevar Martin Eggen i Norsk Ornitologisk Forening (NOF).
Foto: PRIVAT– Det såg rart ut. Det er eit svært klart lovverk. At folk vel å bryte lova på den måten er ganske uforståeleg.
Fiskemåken er ein trekkfugl. Fuglen kjem tilbake i april, og startar hekkesesongen i mai. Den varer fram til tidleg på hausten.
Dersom måkene mistar egg og ungar, vil det gå endå fleire veker. Det forlengjer berre sesongen.
Oppfordringa til naturvernrådgjevaren er derfor klar:
– La måkene vere i fred!