Lensmann Arnfinn Fuglevåg seier den pågripne er i slutten av 40-åra og busett på Smøla. Politiet pågreip personen etter funn på staden og tips frå publikum.
Lensmannen vil ikkje stadfeste at pengane er komne til rette, men seier det er gjort beslag hos den pågripne. Den 89 år gammal kvinna blei fråstolen pengane under eit innbrot på Inn-Smøla i går. Innbrotet skjedde medan kvinna var i ei gravferd midt på dagen.