Hopp til innhold

Langtur for sykkylvsspeidarane

50 speidarar frå ti til 16 år, ein stor leir, og turar åleine i skogen. Sykkylven speidargruppe er i Stavanger på landsleir.

Nils Einar Rye

– Det er god stemning, seier Nils Einar Rye, som er gruppeleiar for speidarane frå Sykkylven.

Foto: Hallstein Lillevik

– Stemninga er veldig god, og alle tek godt vare på kvarandre, seier Nils Einar Rye. Han er gruppeleiar for dei vel 50 speidarane frå Sykkylven.

12 timar i buss tok det å få speidarane til Rogaland. Dit kom dei seint fredag kveld, og fekk sett opp telta sine. Laurdag starta bygginga av leiren dei bur i.

– Me har bygd tårn, oppvaskbenk, bord og liknande, seierRye, som fortel at ungdomane er med på all jobbinga sjølve.

– Om lag halvparten av speidarane er på landsleir for fyrste gong, fortel han.

Landsleir blir berre arrangert kvartfjerde år, og Sykkylven speidargruppe er med kvar gong.

Mange aktivitetar

Etter dei kom til leiren har ungdomane hatt eit stort utval av aktivitetar å vere med på. Mellom anna har dei vore ute på det som blir kalla "haik".

– Det betyrat ungdomane går uti naturen aleine, fortel Rye.

Ungdomane får då ei fast rute dei skal følgje, og må greie å finne seg ein eigna overnattingsstad, og lage seg mat for seg sjølv.

Tidlegare denne leiren var det ei gruppe speidarar frå Drammen som var sakna etter ein slik tur. Dei måtte hentast med redningshelikopter.

LES OGSÅ: Speidarar funne etter stor leiteaksjon

Slik gjekk det heldigvis ikkje med speidarane frå Sykkylven.

– Alle våre fann vegen tilbake, seier Rye, som legg til at dei som fekk vere med på turane skulle vere mellom 12 og 16 år gamle.

Fottur til Preikestolen

Kvar dag under leiren har det vore speidarar til Preikestolen. Onsdag var turen endeleg komen til speidarane frå Sykkylven.

– Me vart bussa inn, og gjekk til fots heile dagen, seier Rye.

Etter nesten ei veke på landsleir er det snart slutt for denne gong. Fredag startar pakkinga av utstyr, og laurdag morgon set speidarane snuten mot Sunnmøre.

– Me er med kvart fjerde år. Midt mellom reiser me til utlandet, fortel Rye, som sjølv var med på sin sjuande landsleir i år. No startar planlegginga av utanlandstur for speidargruppa.