Speidarar funne etter stor leiteaksjon

Like før klokka åtte onsdag morgon blei tre jenter og ein gut i alderen 12 til 15 år funne etter ein stor leiteaksjon i Gjesdal kommune i Rogaland.

Solbjørgfjellet

Det var ved Solbjørgfjellet i Gjesdal speidarane melde om at dei var våte og kalde, og hadde gått seg bort.

Foto: Google maps

Madland

Landskapsbilete frå Madland.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Fire speidarar frå Drammen-området Buskerud blei i går kveld meldt sakna i Gjesdal kommune i Rogaland.

Dei fire deltek på Norges speidarforbund sin landsleir på Madla i Stavanger denne veka, og dei la ut på utflukt tysdag saman med fire andre speidarar.

Funne i god behald

Like før klokka åtte onsdag morgon kjem meldinga om at dei er funne etter å ha vore sakna i om lag åtte timar.

– Me har fått melding om at dei fire speidarane nettopp er funne i god behald, seier Geir Gjervan, pressetalsmann på Norges speidarforbund sin landsleir til NRK.no, klokka åtte.

Dei skal ha vore slitne og trøytte etter ei natt ute, men elles i fin form. Dei blir nå transporterte tilbake til leirområdet i Stavanger.

Var våte og kalde

Tysdag kveld varsla dei 112-sentralen og speidarleiarane sine og fortalde at dei hadde gått seg bort og var våte og kalde. Speidarane sette sjølv i gang med å leita.

Dei melde om problem i området Solbjørgfjellet mellom Madland og Dirdal, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt Victor Jensen.

– Fire blei funne, medan me hadde kontakt med den andre gruppa på telefon, men like før midnatt mista me kontakten med dei. Det er mogleg at dette er på grunn av batterikapasitet på telefonane, fortel Jensen.

Politiet har hatt tett kontakt med speidarleiarane.

– Me hadde ein avtale med speidaren om at dei sjølv skulle leita etter dei fire, og at dei skulle be om hjelp frå politiet om dei trong dette. Det gjorde dei klokka 03.30, seier Jensen.

Geir Gjervan, kan fortelja at dei var godt utstyrte.

– Speidarane var utstyrt for å overnatta ute gjennom natta, og dei hadde med seg kart og kompass for området, skriv Gjervan i ei pressemelding.

Helikopteret fann dei

Dermed blei ein større redningsaksjon sett i gang, og i seks tida onsdag morgon sette Hovudredningssentralen inn eit SeaKing redningshelikopter. I tillegg var hundar og personell frå Norsk Folkehjelp og Røde Kors med i leitinga.

Bakkemannskapet tok ut i terrenget frå Madland. Klokka 07.30 var dei fire framleis ikkje funne.

Det var helikopteret som til slutt fann dei fire speidarane.