Hopp til innhold

Han er jeger i fisken sitt territorium

Når VM i undervassjakt går av stabelen i Peru er Ørjan Dyrnes frå Kristiansund på plass saman med det norske landslaget.

Ørjan Dyrnes på VM i undervassjakt i Peru

Ørjan Dyrnes legg litt meir innsats i fisketuren enn dei fleste lystfiskarar.

Foto: Ørjan Dyrnes

Ørjan Dyrnes i VM i undervannsdykking i Peru

Dette er ingen vanleg fisketur.

Foto: Privat

Om éi veke er det verdsmeisterskap i undervassjakt i Peru og Ørjan Dyrnes frå Kristiansund skal forsvare dei norske fargane. For tida er han på treningsleir saman med resten av det norske landslaget på kysten av Peru.

I undervassjakt skal ein ut i båt og fange fisk. Men det er ikkje nokon vanleg fisketur, for undervassjegeren må hoppe i havet for å fange fisken.

– Vi bevegar oss i fisken sitt territorium, og då er det viktig å vere stille og ikkje skremme vekk fisken. Derfor held vi pusten, seier Dyrnes.

Enkle jaktreglar

Ørjan Dyrnes i VM i undervannsdykking i Peru saman med kameratar

Dyrnes er på treningsleir saman med resten av det norske landslaget i Peru.

Foto: Privat

For å kunne jakte under vatn bruker ein hovudsakleg harpun som fangstvåpen. Ein har ikkje med seg mykje utstyr, og ein kan berre bruke lungene som luftreserve når ein er under vatnet.

Det er kanskje ikkje så mange som er godt kjent med denne sporten, men ifølge Dyrnes er reglane i konkurransen ganske enkle.

– Vi får eit avgrensa geografisk område og kvar vår båt. Det er fellesstart, og så får vi seks timar før vi skal vere tilbake til startpunktet. Då skal vi ha fanga mest mogleg fisk.

Utfordrande å jakte under vatn

Dårleg sikt

Det er veldig utfordrande forhold for undervassjakt langs kysten til Peru. Ørjan Dyrnes og resten av det norske landslaget har i fleire dagar vore i Peru og trena i det uklare vatnet.

Foto: Ørjan Dyrnes

Sidan VM er på den andre sida av jordkloden, er det mykje nytt å bli vande til. Forholda langs stillehavskysten er vanskelegare enn i norske fjordar.

– Det er dårleg sikt i forhold til det vi er vande med heime, for det varierer frå ingen sikt til tre-fire meter. Heime i Noreg er vi vande med at det er minst tre-fire meter og det beste vi har er opptil 25 meter. Så det er utfordrande forhold, seier den erfarne undervassjegeren.

I tillegg til meir grumsete vatn enn vanleg, er det òg fullt av eksotiske dyreartar å følge med på.

– Det er mykje nytt her. Her er pingvinar, og det er sjøløver som dykkar og svømmer ved sida av oss heile tida. Her er også pelikanar, havsule og mykje som er utruleg spennande, seier Dyrnes.

Større sport i utlandet

Ørjan Dyrnes i VM i undervannsdykking i Peru

Undervassdykking er ingen vanleg sport i Noreg. Men i Stillehavet er det fleire som er aktive i denne sporten.

Foto: privat

Ørjan Dyrnes byrja å konkurrere i 2005 og har blitt noregscupvinnar, noregsmeister, og han har gull og sølv i nordiske meisterskap. Sjølv om Dyrnes er ein godt merittert undervassjeger i heimlege farvatn, er han beskjeden når han skal skildre kva sjansar han har for medalje i VM i Peru.

– Sporten i Noreg er veldig liten. I Noreg er langrenn stort, men i Spania, Italia og Portugal er undervassjakt like stort som langrenn er i Noreg, seier Dyrnes.

VM i undervassjakt går føre seg frå 28. oktober til 2. november.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL