Hopp til innhold

Opplever det som god trøyst å hjelpe andre

Andrea Voldum tok det svært tungt at tre menn til slutt ikkje blei dømde i "Hemsedal-saka". No vil ho og venninna gje strakshjelp til valdtektsutsette, og er overvelda over responsen.

June Holm og Andrea Voldum

June Holm t.v. og Andrea Voldum håper dei kan hjelpe valdtektsutsette, og meiner dei har verdifulle erfaringar å dele.

Foto: Espen Solli

Andrea Voldum (21) er lærdalskvinna som opplevde at tre menn først blei dømde for å ha valdteke henne, og deretter frikjende i to rundar i lagmannsretten. Frifinninga vekte sterke reaksjonar over heile landet.

I helga starta ho og venninna June Holm (25) frå Vestnes stiftinga "Vi tror deg", for å hjelpe valdtektsutsette, og dei er overvelda over responsen.

– Telefonane har ringt i eitt, og det er så mange som tek kontakt på e-post, Facebook og meldingar, det er heilt overveldande, seier Holm til NRK måndag ettermiddag.

Ho seier ho ikkje har rukke å lese alle meldingane, men at dei har fått hundrevis det siste halvanna døgnet.

Les også:

Vil gjerne hjelpe

Andrea Voldum i Hemsedal-saken

Det vekte stor debatt då dei tre mennene som først blei dømde for å ha valdtatt Andrea Voldum, blei frikjende.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Andrea Voldum opplevde at vilt framande over heile landet engasjerte seg i saka hennar, då tre menn først blei dømde for å ha dopa henne ned og valdteke henne på fest, men seinare frikjende.

No har ho bestemt seg for å arbeide på heiltid med den nye stiftinga, og seier til NRK at det å hjelpe andre er god trøyst.

– Ja, eg kjenner meg mykje betre dersom eg klarer å hjelpe andre, det hjelper meg mykje meir enn det folk anar, trur eg, seier ho.

Målet med stiftinga er å førebyggje valdtekter, avdekkje seksuelle overgrep, påverke styresmaktene til å styrke rettstryggleiken til valdtektsutsette og vareta ofra og dei pårørande.

Telefonar frå fortvilte fedrar og venninner

Andrea Voldum og June Holm møttest under ein demonstrasjon for kvinners rettsvern i august i fjor, og har halde saman etter det. Begge ønskte å gjere noko for valdtektsutsette, og meinte dei hadde mykje å bidra med på grunn av erfaringane sine.

Andrea Voldum t.v. og June Holm

Dei to kvinnene møttest for eit halvt år sidan, og bestemte seg for å prøve å hjelpe valdtektsutsette. No arbeider dei på heiltid med den nye stiftinga "Vi tror deg".

Foto: Espen Solli

Frå nyttår har dei arbeidd på fulltid for å starte stiftinga, og seier dei no får massiv respons på initiativet.

– Det er alt frå fedrar som vil hjelpe døtrer, til venninner som lurer på kva dei skal gjere for kvarandre og for andre som er utsette, seier Holm.

Les også:

Meiner hjelpa må kome raskare

June Holm (25) frå Vestnes måtte gjennom fire rettsrundar og tre år før mannen som valdtok henne då ho var 18 år gamal, blei dømd. Ho seier livet blei sett på vent, og at det å vente på psykologhjelp var vanskeleg.

Dei to venninnene håper å få økonomisk støtte frå andre aktørar, og seier det er viktig at tilbodet er gratis. Dei vil at alle som kjem, skal få hjelp.

Vi ønskjer at alle som kjem til oss skal føle seg sett, høyrt og forstått med ein gang, og vi håper at historiene våre kan hjelpe andre til å kjenne seg trudde. Vi forstår og veit kva det er snakk om, seier Holm.