– Denne dommen er ikkje rettferdig

Ei jente ifrå Sogn melde frå til politiet om ein gruppevaldtekt i Hemsedal for litt over to år sidan. No er dommen komen, og sjølv om eit fleirtal av dommarane trudde på jenta, går dei tiltalte fri.

Borgarting lagmannsrett
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Denne tida har vore heilt forferdeleg for ho, ho har ikkje fungert og ho har fått store psykiske skadar som følgje av det som har skjedd, seier jenta sin bistandsadvokat Elisabeth Hagen.

I mars 2014 dømde Hallingdal tingrett tre menn for valdtekta. To av dei blei dømde til seks og eit halvt år og den tredje til seks år i fengsel. Retten kom fram til at dei tre hadde dopa ned jenta, som då var i slutten av tenåra, og valdteke ho i fleire timar i strekk.

Hevdar sin uskuld

Dei tre går med på at dei møtte jenta på byen i Hemsedal, og at ho vart med heim til dei. Dei går og med på at dei der skal ha teke det narkotiske stoffet MDMA, og deretter hatt sex med jenta, men dei hevdar at alt har vore frivillig.

Tingretten trudde ikkje på dei, og dømde dei for gruppevaldtekt. Saka vart anka til lagmannsretten, og no er altså dommen derifrå klar.

– Eit fleirtal i lagmannsretten trur faktisk på klienten min, men systemet er slik at det må vere eit kvalifisert fleirtal for å dømme i dette tilfellet. Det tyder at mindretalet på¨tre dommarar sørgjer for at dei tiltalte går fri, sjølv om eit fleirtal på fire dommarar meiner at det er heve over kvar ein tvil at det her er tale om ein valdtekt, seier Hagen.

Jenta har fått diagnosen posttraumatisk stressyndrom i etterkant av hendinga, og har i følgje advokaten hatt det veldig tungt.

– Det at dei no går fri gjer alt verre, og ho kjem nok til å slite lenge med dette.

Lekdommarar avgjorde saka

Hagen reagerer særleg på at det er lekdommarane som er avgjerande i saka. Av dei sju dommarane var tre juristar, og fire var lekfolk. Alle juristane og ein lekdommar meinte at dei tre var skuldige, men dei tre andre lekdommarane avgjorde saka.

– Klienten min opplever det heile som heilt uforståeleg, rettssystemet verkar heilt gale på ho, og ho opplever ikkje dommen som rettferdig. Det er klart det gjer det heile endå vanskelegare.

Dei tiltalte har blitt dømt til å betale ein pengesum i erstatning til jenta, men skuldspørsmålet er altså avgjort i deira favør, og kan ikkje ankast vidare.