I år var det nære på. 18. april i år gjekk skredet som er den største enkeltulykka i Mount Everest-massivet nokon gong.
16 Nepalske fjellførarar omkom i snøskredet. Sonam skulle ha vore blant sherpaene på fjellet, men då han fekk jobb i Noreg reiste ein kamerat i staden for han. Kameraten frå nabobygda døydde.
– Det var gode vener av meg som døydde i den ulukka, det gjer meg veldig trist. Det kunne like fort vore meg, seier Sonam.
Hadde Sonam døydd på Mount Everest denne dagen hadde familien berre hatt ein potetåker rundt huset å leve av.
– Det hadde blitt svært vanskeleg for familien min. Om eg hadde døydd ville ikkje familien min fått pengar, og dei ville fått store problem med å klare seg, seier han.
– Eg veit ikkje kva eg skulle gjort om han hadde døydd, seier Furu Sherpa, kona til Sonam.
- Les også:
Lukkeleg i Noreg
Sonam veit akkurat kvar dei store steinane skal ligge. Med spett og handmakt gjer sherpaene turstiane i Norge meir tilgjengelege.
Sonam har blant anna vore med på å forbetre turstiane opp til Preikestolen, ein plass der mange blir svimmel berre av å nærme seg kanten. Men for Sonam og familien gir det den tryggleiken dei treng.
– No tener eg pengar som eg sparar for å gje dottera mi ei utdanning. Det er svært viktig for meg, seier han.
Med lette steg bevegar han seg raskt rundt i den norske fjellheimen. Arbeidet i Noreg gjer Sonam lukkeleg.
– Det at eg har fått denne moglegheita betyr utruleg mykje for meg, seier han og speidar tankefullt utover utsikta frå Preikestolen.
Farleg arbeid
Mellom 20 og 30 sherpaer frå Nepal har dei siste åra kome til Noreg for å bygge turstiar ulike stadar i landet.
For mange er dette er eit svært ettertrakta arbeid. Det betyr at dei slepp å ta på seg farleg arbeid som sherpa på nokon av verdas høgaste og mest krevjande fjell.
Sonam sine bøner om at arbeidet i Noreg skal gå fint og at han får komme trygt heim blir høyrt. Men arbeidet gav han også noko enda viktigare enn pengar til familien heime. Jobben i Noreg redda truleg livet til Sonam.
For på 3800 meters høgde blant fjella i Himalaya bur han i lag med kona og dottera si. Det er Sonam som forsørger den vesle familien og skaffar pengar til alt dei treng. Ofte må han reise vekk i lengre periodar, medan dei blir igjen heime. No jobbar han som sherpa i Noreg, men før var det jobba han som guide på blant anna Mount Everest.
– Det var vi som bar alt på ekspedisjonane. Mat, telt, oksygen og så vidare, fortel Sonam.
Han bar utstyr, fiksa tau og klatra oppover fjellsidene. Som guide tok han seg av det meste knytt til ekspedisjonane.
– Nokre gongar måtte vi også bere deltakarane, seier han.
Når mannen reiste på ekspedisjonar, hadde kona ofte stor uro i sine daglege gjeremål.
– Eg var alltid redd då han jobba som guide. Eg uroa meg heilt frå han reiste til han kom heim att, seier Furu Sherpa, kona til Sonam.
Alvorleg ulukke
- Les også:
Alternativt arbeid
Mange av sherpaane vart så opprørt av den lave kompensasjonen dei etterlatne fekk etter denne ulykka at dei innstilte jobben på fjellet resten av sesongen.
Den lokale legen har no råda innbyggarane til å prøve å finne alternative måtar å tene pengar på.
– Eg meiner at tida er inne for at sherpaene må finne seg ei anna karriere. Personleg syns eg at det arbeidet mange gjer i Noreg no vil vere bra for framtida, og ikkje like farleg som å vere guide, seier doktor Kami Temba Sherpa.
- Les også:
Heldige
Geirr Vetti er mannen som skaffar sherpaane arbeid i Noreg, og landsbyen dei kjem frå er spesielt heldig.
– Den var ein av dei få som ikkje blei ramma av snøskredet på Mount Everest, mange av dei andre landsbyane mista mykje folk. Det at dei kan kome hit til Noreg gjer at dei ikkje blir like avhengige av å måtte jobbe på Everest som andre kanskje er, seier Vetti.
Sonam har vore fire gongar på Mount Everest. Før likte han det, men ikkje no lenger. Jobben i Norge redda truleg livet hans dette året, no vil han aldri risikere det igjen.
– Eg vil ikkje utsette meg sjølv for den fara meir. Eg vil leve for familien min, seier han.