Monterte ny kraftline
Matthes fekk 22.000 volt gjennom kroppen då ein bardun kom bort i ei straumleidning, seier dagleg leiar i Kraftmontasje, Oddgeir Anundsen.
Ulykka skjedde ved Nordheim i Tustna under arbeidet med å montere ei ny kraftline laurdag formiddag, seier Anundsen.
Ronny Matthes kom utruleg heldig frå ulukka.
Ikkje store skadar
Den 26 år gamle montøren fekk 22.000 volt rett gjennom kroppen. Matthes ligg no på sjukehuset i Ålesund. Han hugsar ikkje kva som skjedde, og synest han er heldig som ikkje blei alvorleg skadd. Han har ingen indre skadar, men nokre utvendige brannskadar.
Skal kartlegge årsaka
Oddgeir Anundsen seier det er for tidleg å seie korleis ulukka kunne skje, om det skuldast rutinesvikt eller eit uhell.
I dag skal politiet, el-tilsynet og kraftlineselskapet kartlegge kva som gjekk gale.