Hopp til innhold

Overgrepssikta sunnmøring sett fri frå varetekt

Den overgrepssikta sunnmørsmannen som har vore i varetekt dei siste åtte vekene blir sett fri i dag. Trass i dette har mistanken mot mannen blitt styrkt.

Ålesund politistasjon

Mannen frå Sunnmøre har vore varetektsfengsla dei siste åtte vekene.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det stadfestar politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

– Mannen har vore fengsla med brev- og besøkskontroll dei siste åtte vekene på grunn av fare for at bevis skulle gå tapt. Det er ikkje lenger fare for dette, og mannen blir difor lauslaten i dag, seier Ulstein onsdag formiddag.

Saka er framleis under etterforsking, og Ulstein seier at det enno er mykje arbeid som står att.

– Det er ei krevjande og omfattande sak med mykje materiale som skal gjennomgåast, så det vil ta tid å bli før saka er ferdig etterforska, seier ho.

Mannen er sikta i forhold til den gamle straffelova § 204a og den nye straffelova §311, første ledd. Ifølgje Ulstein er mistanken mot mannen styrkt.

Saka blir oppdatert.

Åtte veker varetekt

Det var i slutten av oktober at mannen i 60-årene blei sett i varetekt i fire veker med brev- og besøksforbod. Mannen blei då sikta for oppbevaring og distribuering av filmar og bilete av overgrep mot barn.

Då politiet aksjonerte mot mannens bustad fann dei over 100 filmar og rundt 2.000 bilete. I november fekk politiet medhald for kravet om vidare varetektsfengsling med brev- og besøkskontroll i fire nye veker. Mannen har no sete totalt åtte veker i varetekt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL