Hopp til innhold

Overgrepssak på Sunnmøre: – Omfattande og tidkrevjande sak

Sunnmøre tingrett har gitt politiet medhald i kravet om fire nye veker i varetekt for mannen i 60 åra som er sikta for oppbevaring og distribuering av filmar og bilete av overgrep mot barn.

Politiet stenger NRK

Yngve Skovly, politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt seier at saka er omfattande og tidkrevjande.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK-fotograf

Politiet fekk også medhald i kravet om at den sikta mannen frå Sunnmøre skal ha brev og besøkskontroll i desse fire vekene.

Yngve Skovly, politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt seier at saka er omfattande og tidkrevjande.

– Det er ein del elektronisk materiale som vi må gå gjennom, og det er eit omstendeleg arbeid som tek tid, seier han.

Berre ein mistenkt

Det var i slutten av oktober at mannen i 60-årene blei sett i varetekt i fire veker med brev- og besøksforbod. Mannen blei då sikta for oppbevaring og distribuering av filmar og bilete av overgrep mot barn. Då politiet aksjonerte mot mannens bustad fann dei over 100 filmar og rundt 2.000 bilete.

Skovly seier at det er så langt ingenting som tyder på at det er fleire som skal vere involvert.

– Det er berre ein person som er mistenkt i saka.

– Korleis vurderer politiet denne saka?

– Alle slike saker er alvorlege og vi må difor etterforske dette grundig og gå gjennom materialet for å sjå om vi eventuelt kan identifisere nokre av dei fornærma, seier Skovly.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL