NRK Meny
Normal

Utvidar for å selje meir Grandiosa

Nordmenn et ferdigpizza som aldri før. No må Grandiosa-fabrikken på Sunnmøre utvide.

Grandiosa hos Orkla på Stranda

I fjor blei det salsoppgang for frosenpizza for fjerde år på rad. Til saman blei det selt 50 millionar pizzaer i Norge, meir enn nokon gang før.

Foto: Lena Høyberg / NRK

No startar bygginga av eit nytt bakeri på Grandiosa-fabrikken på Stranda på Sunnmøre. Orkla investerer nærare 500 millionar på å utvide og modernisere fabrikken slik at dei held følge med den veksande etterspurnaden. I tillegg til fabrikken vil også pizzabotnane no få seg eit løft.

Einar Arve Nordang

Einar Arve Nordang seier dei vil auke kvaliteten på botnane sine.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi ser at konkurrentane blir betre og vi ønskjer å heve kvaliteten på botnane våre, seier Einar Arve Nordang, logistikksjef ved Orkla si avdeling i Stranda.

Pizzaeventyret i den vesle bygda på Sunnmøre byrja for snart 40 år sidan. Også på toppen av pizzaen kan det bli endringar.

– Vi kjem til å halde fram med å utvikle nye smakar og prøve å treffe smakstrendane framover, seier Nordang.

Delte meiningar

Grandiosa

Edel Vik og Ola Øie et Grandiosa når dei treng noko kjapt.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Grandiosa

Torbjørn Hansen seier han aldri et Grandiosa.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

I fjor blei det salsoppgang for frosenpizza for fjerde år på rad. Til saman blei det selt 50 millionar pizzaer i Norge, meir enn nokon gang før. Grandiosa fekk sin egen salsrekord med 25,8 millionar selde pizzaer. I butikkane forsvinn den populære pizzaen jamt ut av hyllene. Men meiningane om Grandiosa er likevel delte.

– Eg syns den er unik og ikkje minst lett å lage, seier Benjamin Aasen i Ålesund.

– Vi et det av og til fordi det er eit kjapt måltid, men vi lagar helst vår eigen pizza, seier Edel Vik og Ola Øie.

Torbjørn Hansen (21) er student, men seier han aldri et Grandiosa.

– Skal eg ha pizza, så lagar eg sjølv. Eg er ikkje spesielt glad i Grandiosa. Folk kjøper det nok fordi det er ein enkel måte å lage seg middag på, meiner han.

Fleire årsaker

Siri Fossing er matbloggar og skriv til vanleg om kvardagsmat. Ho trur det er fleire årsaker til at Grandiosa har ein så sterk posisjon i Noreg.

– Det er sjølvsagt fordi det er lettvint. Grandiosa har også blitt selt i mange år, og har blitt ein smak som mange har vakse opp med.

Trass salsrekordar er Grandiosa lite anerkjent i gourmet-kretsar. Matbloggaren trur det er fordi ferdigløysingar ikkje heilt harmonerer heilt med yrkesstoltheita.

– Eg har respekt for at folk av og til tek lettvinte løysingar. Men eg skundar meg ofte til kassa når eg er på butikken for å kjøpe «grandis» til barnevakta. Ferdigpizza er ikkje det ein vil ha i vogna når ein treffer kjentfolk som veit eg er matbloggar, seier ho med eit smil.

Blir ikkje lei

Bente Horremsbakk

Bente Horremsbakk har jobba på Grandiosa-fabrikken i 25 år.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Tilbake ved fabrikken på Sunnmøre følgjer Bente Horremsbakk nøye med på pizzaene som går nedover produksjonsbandet. Dagleg blir det laga nærare 90.000 pizzabotnar ved fabrikken på Stranda på Sunnmøre. Horremsbakk har ikkje tal på kor mange pizzaer ho har handtert i løpet av dei 25 åra ho har jobba der.

– Du blir ikkje lei av pizzabotnar då?

– Av og til. Men sjølv om eg har jobba her så lenge så blir det som regel ein pizza i veka, seier ho og ler.