Hopp til innhold

Ordføraren jublar over forlik med banken

Sykkylven kommune og Nordea har gått inn forlik i renteavtalesaka. Kommunen gjekk til sak mot Nordea etter at dei dei tapte over 30 millionar kroner på kompliserte renteavtalar.

Petter Lyshol og Sykkylven kommune

Ordførar Petter Lyshol i Sykkylven kommune seier det er ein gledas dag.

Foto: Inger Johanne Ruset / Montasje

Det var i 2009 at Sykkylven kommune inngjekk eit renteveddemål med Nordea og tapte over 30 millionar kroner. I kjølvatnet av saka måtte kommunalsjefen gå. Den dåverande rådmannen fekk kraftig kritikk frå kontrollutvalet etter dei omfattande pengetapa.

Hausten 2014 stemna kommunen Nordea for å få tilbake pengane sine. I dag inngjekk partane forlik.

– Dette er ein gledas dag både ordføraren og kommunen, seier ordførar Petter Lyshol. (H)

Får tilbake over halvparten

Rettssaka skulle starte 4. mai og gå over fem dagar. Ordføraren er glad for å sleppe den belastninga og inngå forlik. Avtalen inneber at Sykkylven kommune får betalt tilbake 17,2 millionar kroner. I tillegg har dei fått redusert renta på låna sine. Det betyr ein gevinst på 2,8 millionar kroner.

LES OGSÅ:

Vedgår ikkje manglar

Nordea seier at dei ikkje vedgår manglar ved avtalane eller rådgivinga overfor kommunen, men at dei er opptekne av langsiktig gode kunderelasjonar.

Ordførar Petter Lyshol trur kommunen har lært av feila sine.

– Det må vel seiast at vi ikkje var godt nok kjende med kva slags konsekvensar avtalane kunne få. Vi har lært oss regelen om at dersom det er ting vi ikkje forstår, så skal vi ikkje gå inn på slike avtalar, seier Lyshol.

Ut av Robek

Sykkylven kommune har stort underskot i budsjettet og er på Robek-lista. Det at dei no får inntektsføre 20 millionar kr i år gir ein god start på planen for å få betalt tilbake gjelda.

– Vi legg ikkje oss bakpå og ventar på at det skal ordne seg. Vi skal vere nøkterne og drive kommunen godt, seier Lyshol.