Hopp til innhold

– Trudde kommunane hadde lært

Kommunetoppar i Sykkylven får kraftig kritikk for å ha inngått risikofylte renteavtalar. Økonomikommentator i NRK Steinar Mediaas, er langt frå imponert og kallar det ein ny Terra-skandale.

Video Sykkylven renteavtalar

FÅR RENTEAVTALEKRITIKK: Knusande kritikk mot fleire toppar i Sykkylven kommune. Fleire burde teke ansvar, meiner politikar.

Dag Flacke

MÅTTE GÅ: Dag Flacke, tidlegare kommunalsjef.

Fleire kommunetoppar i Sykkylven er i hardt vêr etter to knusande rapportar om kommunen sine risikofylte renteavtalar. Kommunalsjefen måtte slutte, og fleire andre vert skulda for å vri seg unna ansvaret dei har.

Sanninga fram i lyset

Heile sanninga rundt den omstridde renteavtalen til Sykkylven kommune har ikkje komme fram. Det seier den nye varaordføraren i kommunen, Olav Harald Ulstein (Frp).

Tidlegare i haust vart det kjent at kommunalsjef Dag Flacke måtte gå frå stillinga si på grunn av fire omstridde renteavtalar i kommunen.

Olav Harald Ulstein

ROTETE: Ny varaordførar i kommunen, Olav Harald Ulstein, meiner saka er handtert rotete.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Eg opplev prosessen som uoversiktleg, han er rotete. Det er heilt tydeleg at dei som har handtert desse avtalane ikkje har hatt kunnskap om det dei har helde på med, seier Ulstein til NRK.

Millionunderskot

På grunn av dei svært kompliserte renteavtalane fekk Sykkylven kommune 11.2 millionar kroner i ekstra underskot i 2010. No på seinhausten 2011 ligg det an til eit renteunderskot på 18 millionar kroner i Sykkylven.

Kommunen får knusande kritikk frå både kommunerevisjonen og kontrollutvalet i Sykkylven.

Ole-Johan Lillestøl

SKREIV UNDER AVTALANE: Rådmann Ole-Johan Lillestøl.

Rådmann Ole-Johan Lillestøl skreiv under låneavtalane. For han får skandalen ingen konsekvensar.

Den tidlegare leiaren for kontrollutvalet er klar på kven som bør ta hovudansvaret.

– Hovudansvaret ligg heilt klart hjå rådmannen. Det er han som har ansvaret, det er han som må ta konsekvensane av det som har skjedd, seier Rolf Bergmann.

Tapte renteveddemål

Økonomikommentator i NRK Steinar Mediaas, meiner Sykkylven har leika seg pengene til skattebetalarane.

Rolf Bergmann

KLAR PÅ ANSVARET: Rolf Bergmann seier ansvaret ligg hjå rådmannen.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Dei har inngått eit renteveddemål med banken sin, og det veddemålet tapte dei. Dermed kan ein seie at dei har spekulert med midlar dei ikkje skulle spekulert med, seier Mediaas.

– Det er ingen grunn for ein kommune til å binde opp renta med nokon annan bank enn kommunalbanken, dei gir den beste renta på både flytande og fast rente.

– Men, her har dei altså inngått eit renteveddemål med Nordea, og det har dei tapt millionar av kroner på.

– Så her har dei vorte freista til noko dei ikkje burde kaste seg ut i?

Dette er ein Terra-skandale. Det er faktisk ganske likt det som enkelte Terra-kommunar gjorde.

Steinar Mediaas

TERRA-SKANDALE: Kommentator Steinar Mediaas i NRK, samanliknar det som har skjedd i Sykkylven med Terra-skandalen i 2007.

Foto: Nyhetsspiller

– Det som er forunderleg er at dette vart gjort året etter den skandalen var eit faktum, og ein skulle tru norske kommunar hadde lært av feila som vart gjort der. Det har dei ikkje gjort i Sykkylven, slår Mediaas fast.

Ikkje åleine

Kommunetoppane i Sykkylven er ikkje åleine om å ha spelt vekk skattepengar på risikofylte renteavtalar. Det same skal vere gjort i fleire andre kommunar i Noreg.

– Etter det eg forstår er det inngått slike avtalar for milliardar av kroner i kommune-Noreg, seier Steinar Mediaas.

– Og det som er så uendeleg tragisk er at når renta fell, som ho no gjer, og kunne letta økonomien for mange kommunar, så går desse renteveddemåla akkurat motsett veg. Dei taper når rentene går ned, og ikkje motsett.

Ordføraren visste

Jan Kåre Aurdal

VAR INFORMERT: Tidlegare ordførar Jan Kåre Aurdal, var informet om dei risikofylte renteavtalane,

Foto: Aina Rødal / NRK

Dåverande ordførar i Sykkylven Jan Kåre Aurdal, var informet om dei risikofylte renteavtalane. I ein avtale med Nordea frå 26. april i 2010 har Aurdal skrive under på eit dokument der han vert beden om å setje seg inn i risikoen ved slike avtalar.

Dette viser at Aurdal var informet eller burde vore informet om konsekvensane av rentebyteavtalane. Rolf Bergmann meiner kommunetoppane burde rådført seg med ekspertar.

– Alle forskrifter beskriv jo dette, at dei må hente inn ekspertise i slike samanhengar. Sjølv om dei har rimeleg kunnskap, så skal dei ha verkerleg toppkunnskap om eit slikt innfløkt instrument som ein swapsjon er, slår Bergmann fast.

Fire avtalar har vorte saumfart av revisjonen. Tre avtalar gjeld såkalla rentebytte, og ein gjeld fastrenteavtale.

NRK kan no avsløra kva som gjekk gale i Sykkylven:

  • Politikararne trudde dei skreiv under på ein fastrenteavtale.
  • Kommunalsjefen underteikna fastrentavtalen med sin tidlegare arbeidsgjevar Nordea, sjølv om Sparebanken Møre hadde lågaste tilbod.
  • Avtalen om rentebytte vart skrive under 13 dagar før kommunestyret gjorde vedtaket sitt den 13. desember 2010.
  • Kommunerevisjonen klarer ikkje å finne ut kven som underteikna avtalen på 181 millionar kroner.
  • Avtalane er i strid med kommunereglane.
  • Det er gitt feil informasjon til kontrollutvalet, kommunestyret og Nordea.
  • Kommunale avtalar for over 400 millionar kroner vart inngått utan anbod.
  • Leiinga kan ikkje gjere greie for korleis Nordea vart vald.
  • Kommunen får kritikk for manglande kunnskap til å handtera slike avtalar.
  • E-postar mellom kommunen og Nordea er ikkje ført i offentleg journal.

Avtale

AVTALE: Avtale mellom Sykkylven kommune og Nordea som dåverande ordfører Jan Kåre Aurdal skreiv under på i april i 2010. Aurdal vert beden om å setje seg inn i risikoen ved slike avtalar.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Ville ikkje snakke

Korkje rådmann Ole-Johan Lillestøl, tidlegare kommunalsjef Dag Flacke eller tidligare ordførar Jan Aurdal vil kommentera saka.

– Eg får telefonar frå folk som lurer på om dei kan gå til sivilt søksmål. Folk har vore veldig engasjert, og er veldig opptekne av korleis dette skal gå. For det går jo ut over tenestenivået i kommunen når me no skal ta inn desse pengane, seier ny varaordførar i kommunen, Olav Harald Ulstein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no