- Me håper på AaFK, sjølvsagt gjer me det, seier Iselin Flem. Ho er ei av dei over 1500 tilhengarane som har møtt fram på Rådhusplassen i Ålesund i forkant av kampen.
- Eg tør ikkje tippe, men håper sjølvsagt på heimesiger, legg ho til.
- Det blir 3-2 til AaFK, skyt venninna Veronica Langøy inn, i ein sikrare tone.
Vil ha poenga nordover
På Rådhusplassen er det dei oransje som dominerer, men langs gatene i Ålesund er det også blå kle å sjå laurdag ettermiddag. Frå Molde er det venta i underkant av 1000 tilhengarar til kampen.
Klokka 17.00 var mellom 700 og 800 av desse samla ved St.Olavs plass. Dei to telta der er stappfulle av folk som har kome sørover for å sjå laget sitt hente heim tre poeng frå Sunnmørshovudstaden.
Tor Magne Vold håper på MFK-siger i lokaloppgjeret.
Foto: Åge Andre Breivik / NRK- Det blir jamt. Det blir veldig jamt. Den som vil mest, vinn denne kampen, seier Tor Magne Vold, som titulerer seg som "Kokken Tor".
- Men eg reiser ikkje heilt til Ålesund og håper på AaFK-siger. Sjølvsagt håper eg at MFK tek heim denne sigeren, fortel han.
Samla i fred og ro
Vold meiner tre poeng er like godt for begge laga i denne kampen. Og sjølv om han ikkje vil spå utfallet av kampen, har han berre positive ting og seie om stemninga før kampen.
- Det er kjempebra at det er så mange her. Så får me kosa oss skikkeleg. Begge lag sine supporterklubbar har sagt at me skal samlast i fred og ro, og det er veldig kjekt, fortel Vold.
- I dag er det berre fest, legg han til.
I to telt ved St. Olavs plass var mellom 7-800 MFK-tilhengarar samla kl 17.00 i ettermiddag.
Foto: Åge Andre Breivik / NRK- Beste supporterane i landet
- Det er bra med så mykje folk her, seier Iselin Flem på Rådhusplassen. Ho reknar med det blir mykje liv på stadion under kampen, og trur det blir mykje rivalisering mellom dei to laga sine tilhengarar.
Dei er likevel ikkje i tvil om kven som kjem til å lage mest liv på Color Line Stadion i kveld.
- AaFK har dei beste tilskodarane i landet, meiner Veronica Langøy, som altså tippar resultatet i kampen blir 3-2 til Aalesund.
Kampen kan du som bur i Møre og Romsdal høyre på NRK P1 frå klokka 20.00. I tillegg går heile kampen går på NRK sin sportskanal på Dab.