Hopp til innhold

Optimisme på jobbmesse

Det var stor interesse då Nav arrangerte jobbmesse for arbeidssøkarar i Ålesund onsdag. Raskare hjelp til jobbsøkarar er målet.

Denne veka arrangerer NAV jobbmesser over heile landet. Målet er å få til eit tettare samarbeid mellom arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar og hjelpe fleire til å få jobb. I Ålesund var det optimistisk stemning på messa.

Sjå tv-saka: Onsdag arrangerte nav jobbmesse i Ålesund. Målet er å få til eit tettare samarbeid mellom arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar. Frå venstre Leif Arve Valle og Stein Veland, direktør i NAV Møre og Romsdal. FOTO/REDIGERING: Brede Røsjø.

Denne veka arrangerer NAV jobbmesser over heile landet. Målet er å få til eit tettare samarbeid mellom arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar og hjelpe fleire til å få jobb. I Ålesund var det optimistisk stemning på messa.

– No har eg søkt på jobbar sidan november, og eg håpar at noko skjer snart. Eg er ein evig optimist, seier Leif Arve Valle og smiler.

Han jakter på jobb, og etter langtidssjukemelding og omstilling i livet har han difor valt å delta på jobbmessa i Ålesund.

Fort tilbake i arbeid

Nav satsar stort denne veka med totalt 40 slike jobbmesser rundt omkring i landet. Målet er å få fleire fortare ut i yrkeslivet igjen.

Joakim Lystad

Joakim Lystad fortel at målet med jobbmessa er å få fleire fortare ut i arbeidslivet.

Foto: brede røsjø / nrk

Tanken bak jobbmessa er også å gi dei arbeidssøkande moglegheiter til å treffe arbeidsgivarane på ein ny måte, kanskje til og med få konkrete jobbtilbod etter denne dagen.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å sei, men moglegheita er der. Det som er spennande i Noreg er at sjølv om arbeidsløysa ligg på rundt 80 000 så er det mellom 250.000 til 300.000 som går ut av arbeidsløyse kvart år, seier Joakim Lystad, direktør i NAV.

– Så dei fleste som er arbeidsledige opplever det heldigvis berre i ei kort periode, held han fram.

Håpefull

– Eg føler at eg har mykje å tilby, seier Valle.

Jobbmesse ålesund
Foto: brede røsjø / nrk

Han har førebudd seg godt. Med eigen cv og mappe til arbeidsgivarane vil han raskast mogleg ut av lista som viser at det i dag er 3500 arbeidsledige i Møre og Romsdal. Då handlar det ofte om å gjere eit godt fyrsteinntrykk.

– Det fyrste eg spør om er om han er flink med folk, og det er det tydeleg at han er, seier Stein Veland, direktør i NAV Møre og Romsdal, og ser bort på Valle.

– Han må finne seg noko å gjere med ein gong. Slike folk har vi bruk for, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL